Hopp til innhold

Fryktar flystreik frå onsdag morgon

Dersom Widerøe og fagforeininga Parat ikkje blir samde, kan det vere full flystreik frå onsdag morgon. Det vil i så fall råke samtlege flygingar med selskapet.

Widerøe-fly

KAN BLI STREIK: Samtlege Widerøe-fly blir sett på bakken dersom det blir streik blant dei kabintilsette.

Det foregår i kveld mekling mellom dei kabintilsette og leiinga i flyselskapet. Fristen er sett til midnatt, men det er venta at riksmeklaren vil få partane til å sitje på overtid.

– Vi er i forhandlingar no, og vona er der. Meklaren jobbar med partane, og eg er framleis optimist, sa kommunikasjonsdirektør i Widerøe, Richard Kongsteien, til NTB i kveld.

Richard Kongsteien, Widerøe

HÅPAR: Richard Kongsteien i Widerøe.

Foto: Widerøe

Råkar mange tusen

For flyreisande til og frå Sogn og Fjordane finst det ingen alternativ utover buss eller bil. Ein streik vil og råke Ørsta/Volda lufthamn og samtlege andre flyplassar der Widerøe flyr.

Kring 400 daglege avgangar og kring 11.000 passasjerar vil bli råka av ein mogleg streik.

Pensjonskrangel

Dei kabintilsette i Widerøe kjempar for å få forhandlingsrett og påverknadskraft over kva slags pensjonsordning arbeidsgjevaren skal tilby dei tilsette. Årsaka til konflikta mellom dei tilsette og flyselskapet skuldast altså ikkje usemje om løn.

Sist fredag vart det kjend at Fjord1, saman med Torghatten og Nordland fylkeskommune, har kjøpt 80 prosent av aksjane i Widerøe frå SAS.