Hopp til innhold

Fryktar Sogn og Fjordane blir ein saga blott

Ap-politikar Arve Helle reagerer på at Stryn vurderer å byte fylke samstundes som fylket tømmer kassa si til Olden-Innvik. – Utidig, svarer stryneordførar.

Arve Helle

TENKE SEG OM: Kommunane i Sogn og Fjordane risikerer å bli utkantar i andre fylke dersom fylket forvitrar, meiner Arve Helle som er ordførar i Fjaler.

Foto: Johan Moen / NRK

Stryn kommune vurderer å slå seg saman med kommunar på Sunnmøre, og kan kome til å gå ut av Sogn og Fjordane. Det kan få betydelege konsekvensar fryktar Fjalerordførar og Ap-politikar på fylkestinget, Arve Helle.

– Eg trur dei forreknar seg noko viss dei trur at ting blir så mykje betre ved å vere ein utkant i Møre og Romsdal. Spesielt med tanke på det som skjedde på fylkestinget der kistebotnen vart skrapa og pengane hosta opp til å ferdigstille Olden–Innvik utan bompengar. Då har ein vel veldig lite å klage på i Sogn og Fjordane, seier Helle.

Svend Flo

INNBYGGJARANE VIKTIGAST: Svend Flo meiner omsynet til innbyggjarane må vere viktigare enn fylkesgrenser.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fleire kommunar kan gå til nabofylka nord og sør for Sogn og Fjordane. Stryn, Hornindal, Gulen, Selje, Vik og Aurland har alle klare tankar om at nabokommunar over fylkesgrensa kan vere partnarar i ein kommunereform.

Denne veka kunne også Sunnmørsposten melde at fleire politikarar på fylkestinget i Møre og Romsdal vil ha med Nordfjord i eit storfylke, og ordførar i Stryn Sven Flo er svært open for at Stryn kan melde overgang.

Helle reagerer på at dette kjem no rett etter at fylkeskommunen tømde kassa for å finne nær ein halv milliard til å ruste opp vegen Olden-Innvik.

– Det er klart at viss delar av fylket forsvinn over til eit nabofylke så er snart Sogn og Fjordane ein saga blot. Viss dette først gleppar så blir alle kommunane ein utkant i andre fylke alle saman og eg er ikkje sikker på at det er så mykje betre.

Men høgreordførar i Stryn Sven Flo meiner det er rett av Stryn å vurdere framtida si i Sogn og Fjordane. Alt har Stryn og Hornindal sondert terrenget mot Volda, Ørsta og Stranda. Flo meiner det å sjå over fylkesgrensene er i tråd med føringane frå regjeringa, og seier han sitt omsyn er innbyggarane i Stryn åleine.

– Eg synest det er merkeleg at ein byrjar å heve ein peikefinger så tidleg i prosessen. Ingenting er konkludert med, så ein veit ikkje kvar dette endar. Eg har dei siste vekene hatt ei kjensle av at det er friksjon i Sogn og Fjordane når vi i det heile tatt diskuterer over fylkesgrensene. Og det synest eg er ganske utidig. No er vi sett til å jobbe med desse modelløysingane og det vil vi gjere. For min del er det viktigaste å få fram kva dette inneber for innbyggjarane i Stryn.

Kan det ikkje blir oppfatta som litt umusikalsk å vurdere dette når fylkeskommunen har tømt kommunekassen for å finne pengar til Olden–Innvik?

– Nei, ærleg talt. Dette har ingenting med kvarandre å gjere. Skal vi stoppe opp i Sogn og Fjordane medan vi ventar på å få avklart ting som ligg litt fram i tid–det meiner eg er feil. Eg har vore tydlege på at vedtak som faktisk er fatta om betre kommunikasjon i eige fylke vil vere viktige faktorar å ta med seg i framtidige modellar.

Flo meiner det ikkje er rett av Helle å åtvare mot at ein risikerer å bli ein utkant i eit storfylket Møre og Romsdal.

– Eg trur ikkje det har så stor betydning. Det som betyr noko er menneska som bur i kommunen og det ein skaper. Grenser og storleikar vil eg seie betyr mindre.

Arve Helle understrekar på si side at Stryn er i sin rett til å gjere som dei vil, men meiner følgjene kan bli at heile Sogn og Fjordane forvitrar.

– Eg trur ein må ha klart føre seg at konsekvensen av at ein del kommunar forsvinn over til andre fylke vil bety at Sogn og Fjordane ikkje lenger er berekraftig slik som det er i dag. Det trur eg vil ha negative konsekvensar for ein god del bygdesamfunn i fylket.