NRK Meny
Normal

Ripa opp parkert bil i Førde

Ein parkert bil har blitt utsett for skadeverk, då den stod parkert i Brendeholten i Førde, natt til søndag.

Politi-illustrasjon

ROLEG: Politiet i Sogn og Fjordane hadde ei roleg natt til søndag. Bilde er berre ein illustrasjon.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Politiet fekk melding om skadeverket klokka 23.12 laurdag kveld, og det skal dreia seg om riper i lakken.

Elles var det ei roleg natt for politiet, utan alvorlege hendingar. Men som vanleg var det litt å ta tak i, natt til søndag.

I Florø hamna to kvinner i 20-åra i ein krangel på ein utestad, der det enda med at dei eine kasta drinken sin i hovudet på den andre. Det var berre innhaldet i glaset som vart kasta.

I tillegg vart to rusa jenter på 14 og 15 år køyrd heim frå ein heimefest av politiet, også det i Florø.

I Sogndal fekk ein person munnleg åtvaring frå politiet under lærekøyring. Årsaka var at bilen ikkje var merka med at det gjekk føre seg øvingskøyring og personen som sat i passasjersetet hadde ikkje med seg førarkort.

Laster Twitter-innhold
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå