Hopp til innhold

Ringstad refsar eige parti

– Eit uferdig vedtak. Eg er forundra over at det ikkje er meir samanheng i det dei har vedteke. Det er dommen til tidlegare stortingsrepresentant Jorunn Ringstad over sjukehusvedtaket til hennar eige parti.

Jorunn Ringstad

- UFERDIG VEDTAK: Jorunn Ringstad.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På landsmøtet i Loen i helga gjekk Senterpartiet inn for å legge ned dei regionale helseføretaka, mellom dei Helse Vest. I staden vil partiet at sjukehusa i Nolrge skal styrast av 20 lokale helseføretak.

– Motstridande

Men bakerst i salen sat Sp-nestor og Helse Førde-styreleiar Jorunn Ringstad og nærmast rista på hovudet.

– Det er eit uferdig vedtak, der dei ikkje har tenkt godt nok gjennom korleis dei vil ha det. Det er til dels motstridande, for ein stad seier dei at fylkeskommunane skal overta på sikt, ein annan stad seier dei at det skal vere statleg eigarskap.

– Korleis ser du på at partiet vil legge ned dei regionale helseføretaka?

– Det er noko av det eg synest er uferdig. For dei seier ingenting om kven som skal overta delar av det arbeidet dei regionale føretaka gjer i dag. Kan det vere grunn til å opprette eit direktorat? Og vil vi ha endå eit direktorat? For det kan vere ei løysing når dei ikkje spesifiserer korleis dei vil ha det.

– Ja, korleis stemmer det med Senterpartiet sin vedtekne politikk om mindre byråkrati?

– Det må du nesten spørje dei som har gjort vedtaket om. Eg har vore her som gjest og utan stemmerett, og eg er undrande til ein del vedtak som bryt med grunnhaldninga til Senterpartiet.

Jenny Følling og Karen Marie Hjelmeseter

- SKEPTISK: Jenny Følling (t.v.) saman med Karen Marie Hjelmeseter på landsmøtet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Spriker i alle retningar

Heller ikkje fylkesvaraordførar Jenny Følling har stor tru på vedtaket. Ho røysta i mot fleire av forslaga, og ville heller ha eit utgreiing.

– Det er eit vedtak som spriker i alle retningar. Eg er veldig skeptisk til å tukle med ein modell før ein faktisk veit kva ein får i staden. Det er veldig uklart for meg kva som blir konsekvensane, og det bør ein ha klarlagt før ein gjer endringar.


Stortingsrepresentant Kjersti Toppe stod i spissen for forslaga. Ho trur sjukehusa vil bli betre.

– Eg har fått mange tilbakemeldingar frå legar som ynskjer seg tilbake til fylkeskommunalt eigarskap fordi dei vil ha meir politisk styring.

Kjersti Toppe

KOM MED FORSLAGA: Kjersti Toppe.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK