NRK Meny
Normal

Ringde føflekktelefon: – Eg vart litt paff

Onsdag bad hudlege Øystein Vatne folk som hadde føflekkar om å ringe eit nummer til Kreftforeningen for å få flekkane undersøkt. Det han ikkje visste var at det alt var fullteikna.

Øystein Vatne

BAD FOLK RINGE: Hudlege Øystein Vatne beklagar at folk ringde føflekktelefonen fånyttes.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Gjennom ein europeisk aksjon skal det den 6. mai vere open dag for kontroll hos hudspesialistar i heile landet. Vatne oppmoda folk via NRK om å ringe eit eige nummer for å registrere seg dersom dei har mistanke om at dei kan ha føflekkreft.

Bjørn Opheim frå Kalvåg var mellom dei som tok Vatne på ordet og ringde nummeret som vart oppgitt.

– Då eg endeleg kom gjennom fekk eg beskjed om at det var fullt, for det hadde vore så stor pågang. Eg fekk tips om at det var mange private spesialistar som kunne ta imot meg, men då måtte eg betale for det.

Han fekk opplyst at det var fullteikna alt i slutten av forrige veke.

– Eg synest difor det er veldig merkeleg at det i går vart oppmoda om å ringe dette nummeret. Eg må seie eg vart litt paff.

– Beklageleg

Hudlege Øystein Vatne synest dette er svært beklageleg.

– Dei som administrerer dette nummeret sit sentralt, og dei hadde ikkje informert oss om at det alt var fullteikna. Eg må berre beklage at vi ikkje hadde fått denne informasjonen då vi gjekk ut med vår oppmoding.

No ber han dei som har føflekkar dei gjerne vil ha unddrsøkt om å ringe hudpoliklinikken på 57839366, eller dei kan gå til fastlegen sin og få tilvising til hudlege.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast