Hopp til innhold

Riksveg fem opna for trafikk igjen etter trafikkuhell ved Vesterland

Ein lastebil fekk i ettermiddag problem på det glatte føretet på riksveg fem ved Vesterland på Kaupanger. Det fort tlange køar på den tungt trafikkerte vegen. .

Kilometerlange køar

GLATT FØRE: Lange køar ved Vesterland på Kaupanger.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eg trur det må vere snakk om voer ein ein kilometer kø. Det sier Jan Helge Myhre ein av mange som stod i kø.

– Eg har stått her sidan 15:50. Etter det eg har forstått så har lastebilen sklidd på det glatte føret og står fast.

TRøbbel på glatta

STÅR FAST: Lastebil har fått problem på glatt og sperrar riksveg fem ved Vesterland på Kaupanger.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Ved operasjonssentralen til Politiet i Florø opplyser dei at Statens vegvesen er på staden, og at det er at bilberging er på veg. I køen på Kaupanger må bilistane inn til vidare smørje seg med tolmod.

– Det er ikkje anna å gjere. Dette er eit kjent problemområdet, men no såg eg at ein strøbil køyrde forbi så vi får håpe det ikkje blir så lenge å vente, seier Myhre.

Klokka 18:04 melder Statens Vegvesen at vegen at vegen er opna for trafikk igjen.

At vegen var stengd i flerie timar fører også til problem for dei som reiserer med buss.

– Bussen frå Oslo til Førde som skulle vore her klokka 18, er nok ikkje her før kring klokka 20, seier Andre Monsen som er trafikksjef i Firda billag.

For passasjerar som skal vidare til Florø og Dale, går det busse vidare frå Førde klokka 20:30.

– For dei som skal vidare nordover, blir det nok litt venting på Skei også, for bussen nordover går ikkje frå Førde før klokka 20:30.