Hopp til innhold

Riksveg fem i Sogndal opna etter bilberging

Politi og naudetatar har rykt ut til ei branntilløp i eit vogntog på riksveg fem ved Kvåle Stadion i Sogndal, og vegen er stengd på staden.

Bilbrann i Sogndal

BRANNTILLØP: Klokka 1606 sundag ettermiddag blei det meldt om branntilløp i motorrommet til eit vogntog i Sogndal.

Foto: Torben Stedje / NRK

Operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Sogn og Fjordane seier branntilløpet har vore i motorrommet på vogntoget.

Klokka 17:50 seier Solvåg til NRK at brannen er sløkt og at dei ventar på bilberging.

Ingen personar har kome til skade i samband med branntilløpet.

Klokka 17:58 melder politiet at alt er under kontroll. Vongtoget er fjerna og vegen er opnen for trafikk.