Hopp til innhold

Riksveg 5 mellom Florø og Førde stengd

Eit ras med fleire store steinar gjer at Riksveg 5 mellom Førde og Florø er stengd mellom Sundefjellstunnelen og Grov i Flora kommune. Vegen vil vere stengd til tysdag morgon.

Steinras stengjer Riksveg 5

STENGD: Politiet er på staden. Vegen er stengd til tysdag morgon grunna frykt for at nye store steinar skal kome ned. Foto og redigering: Truls Kleiven

– Det er uvisst kor stort raset er, seier Trond Hatlenes ved politiet i Sogn og Fjordane, som fekk meldinga rundt klokka 22.30.

Det vil seie at den einaste vegen mellom Førde og Florø, dei to største byane i Sogn og Fjordane, er stengd. Raset har gått like aust for Sundefjellstunnellen, på same stad og i same område som fleire ras har gått tidlegare i haust.

Det er ikkje omkøyringsmoglegheiter for folk som skal mellom Florø og Førde, eller Florø og Svelgen. Folk som skal mellom Førde og Svelgen er ikkje råka av stenginga, opplyser Stian Rosnes i Statens vegvesen.

Politiet melder at vegen er stengd fram til entreprenør får gjort sine undersøkingar.

– Det ligg steinmassar i eitt av køyrefelta. Vi anbefaler at folk ikkje køyrer forbi, seier Hatlenes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras Riksveg 5

SPERRA: Politiet sperrar vegen ved Grov i aust, og her i Sundefjellstunnellen i vest.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Vegen vert stengd over natta

Klokka 23.30 opplyser vegtrafikksentralen at entreprenøren har kome til staden.

– Han likar ikkje det han ser, og vil stenge vegen over natta. Vegen vil bli sperra og stengd til i morgon tidleg så snart utstyret er på plass, seier Stian Rosnes i Statens vegvesen.

Store steinar har kome ned i eitt av køyrefelta.

– Steinane er sopass store at vi ikkje kan løfte dei vekk. Entreprenøren har vurdert at det er fare for meir, seier Rosnes.

Politiet melder at vegen er sperra ved Grov og Sundefjellstunnelen.

Tysdag morgon vil ein geolog kome til staden og gjere nærmare undersøkingar.

Flora