Hopp til innhold

Riksveg 15 truleg stengd ei veke

Enorme skredmasser ligg over riksveg 15 ved Skredestranda mellom Eid og Stryn. Det tek truleg mange dagar før vegen er rydda og opna att.

Margot Aase Åsebø

KRISESTAB: Seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens vegvesen har i helga sete i krisestaben.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens vegvesen seier det er mykje masse som må fjernast frå riksvegen. Difor vil det ta ei stund før vegen er rydda.

– Vi startar med spyling og opprydding måndag morgon. Vi trur det går veka, men er usikre på tidspunktet vegen kan opnast, for vi veit ikkje kor store skader det er på vegen under all jorda, seier ho.

Skredet kom fredag og nær 300 meter med veg er dekt av stein, jordmassar, tre og rotvelter. Det ligg også igjen noko på toppen av fjellet som skal spylast ned i morgon. Mellom det som allereie har kome ned, er det mykje tømmer.

– Det er mykje skog og tømmerstokkar som ligg i raset og dette skal fjernast med maskinar i morgon.

Omkøyring er via Kvivsvegen eller Utvikfjellet for alle køyretøy, medan lette køyretøy og ekspressbussar kan nytte Panorama-vegen.

Fylkesveg 609 opna att

Ein geolog har vore på synfaring med helikopter på fylkesveg 609 ved Hundsåna mellom Askvoll og Førde. Denne vegen har også vore stengd sidan fredag, men opna søndag ettermiddag i 15:30-tida.

– Her er det spylt og massane har fått tørka opp litt. Oppryddingsarbeidet har vore i full gang i ettermiddag, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesveg 609 ved Heilevang

OPNAR ATT: Fylkesveg 609 ved Hundsåna er snart ferdig rydda.

Foto: Steinar Bråstad

Truleg stengd til tysdag i Oldedalen

På fylkesveg 724 ved Yri i Oldedalen er også vegen stengd av skred. Her startar oppryddingsarbeidet for fullt måndag morgon.

– Her må mykje masse vekk og deler av vegen byggast opp att. Vi håper den kan opnast tysdag.

Seksjonsleiar Margot Åsebø har sete i krisestaben i vegvesenet heile helga. Det har vore travle dagar med mange skred, flaum og stengd vegar.

– Vi styrer arbeidet med opprydding, orientere og rapportere. Vi har også tett dialog med geolog og entreprenør, seier ho.

Jordskred i Oldedalen

JORDSKRED: Slik ser det ut etter skredet i Oldedalen.

Foto: Jan Helge Aalbu