Riksikerer husleigesmell etter nedlegging av politidistriktet

Politiet og kommunane i Sogn og Fjordane må framover bu seg på å betale ei gedigen husleigerekning – til inga nytte.

Politihuset i Florø
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

For sjølv om Sogn og Fjordane politidistrikt forsvinn, og Alarmsentralen kan gå med i dragsuget, er husleiga til det nye store politihuset i Florø framleis på minst 7,5 millionar kroner i året. Det skal den vere i 18 år til.

Terje Brandsøy

SPESIELT TILPASSA: Dagleg leiar Terje Brandsøy ved Alarmsentralen trur det kan bli vanskeleg å leige ut det spesielt tilpassa politihuset til andre enn politiet og alarmsentralen.

Foto: Privat

Terje Brandsøy ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane seier dei åleine betalar ein million kroner i året i husleige.

– Det er mykje pengar som er bunde opp i husleigeavtalen. For vår del dreier det seg om ca. ein million kroner i året, seier han.

Har ikkje blitt lagt vekt på

I dag betalar politiet vel 6,5 millionar kroner i leige for politihuset i Florø, ein avtale dei har bunde seg til fram til 1. desember 2033. Alarmsentralen betaler vel ein million kroner, og har bunde seg fram til 2028.

Dette har ikkje blitt lagt vidare vekt på av politiet, stadfestar politimeister Ronny Iden.

– Det er heilt andre ting vi har hatt fokus på lokalt, også no, og det er å få på plass ein ny organisasjon, seier Iden.

Politihovudsetet i Florø vart bygd nytt i 2008, av Ski Florø AS der skikongen Bjørn Dæhlie fram til september i år var tungt inne på eigarsida saman med lokale investorar. Selskapet hadde i 2014 9,8 millionar i driftsinntekter, og eit resultat før skatt på 2,5 millionar kroner.

Selskapet til Dæhlie, Ski Holding AS, selde seg i september ut av politihuset i Florø, i tillegg til tre tinghus i Gjøvik, Hønefoss og Follo. Det er eit syndikat tilrettelagt av Arctic Securities som kjøpte tre av bygningane, mellom anna politihuset i Florø, skriv Nettavisen.

Ronny Iden

ANDRE OPPGÅVER: Politimeister Ronny Iden håpar politihuset i Florø også i framtida skal huse politiet.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Problematisk å leige ut til andre

Brandsøy seier bygget er spesielt tilpassa politiet og alarmsentralen sine behov.

– Det vil bli veldig kostbart for andre som ikkje har same krav til lokalitetar. Eg trur det kan bli problematisk å eventuelt leige ut bygget til andre formål, seier Brandsøy.

Kva som skal vere av aktivitet framover i politihuset er uvisst.

Alarmsentralen, som hentar inntektene sine frå kommunar og privat næringsliv, vil framleis kunne vere sentral for kommunane sine tryggingsalarmar og private bygg, sjølv om dei misser 110.

Håpar på andre politioppgåver

Mykje areal kan også bli brukt av eit eventuelt framtidig Flora lensmannskontor, men heller ikkje Ronny Iden kan seie noko sikkert om kva som eigentleg skal skje. Han seier operasjonssentralen vil forsvinne i løpet av dei neste to åra.

Politimeisteren håpar tomme lokale kan bli eit argument for å trekkje andre typar politioppgåver til Florø.

– Vi håpar vi kan behalde så mykje som mogleg i Sogn og Fjordane og i Florø.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.