Hopp til innhold

Riksantikvaren fryktar DSB-kritikk tek motivasjonen frå flinke brannfolk

Riksantikvaren fryktar krass kritikk frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) kan gå på motivasjonen laus hos flinke brannfolk.

Hus i full fyr - under storbrannen i Lærdal

STORBRANN: Gjennom heile natta kjempa brannmannskap mot flammane i Lærdal. No tek riksantikvaren lokal brannfolk i forsvar etter krass kritikk frå DSB.

Foto: Jan Erikstad

DSB har kritisert brannmannskap i Indre Sogn for samhandling, manglande leiing og koordinering, samt lite oversikt på brannstaden under brannane i Lærdal og Gudvangatunnelen.

Riksantikvar Jørn Holme meiner det er feil å bruke tida på kritikk.

– Det er litt feil å kritisere brannvesenet når vi ser at dei handterte brannvesenet på ein god måte. Ein må ikkje lage idealkrav som kan ta motivasjonen til folk som verkeleg har vore heltar, seier han.

Berga nasjonale verdiar

Miljøvernministeren og Riksantikvaren i Lærdal

BERGA: Miljøvernminister Tine Sundtoft (t.v.) og Riksantikvar Jørn Holme (t.h.) vitja dei gamle trehusa som overlevde brannen i Lærdal.

Foto: Odd Helge Brugrand

Dei materielle skadane vart omfattande i dei to brannane. Men til alt hell gjekk det ikkje liv tapt. Under storbrannen i Lærdal i januar i år berga iherdig innsats det gamle trehusmiljøet på Lærdalsøyri.

Riksantikvaren seier han ikkje har lest rapporten, men kjenner godt til brannen der viktige nasjonale verdiar vart berga i Lærdal.

– Eg er veldig imponert over brannvesenet i Lærdal, dei andre brannkorps og ikkje minst den frivillig koordinerte innsatsen. Det at dei klarte å stogge brannen før den kom skikkeleg inn i det verneverdige området, var ein meisterleg innsats, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brannen i Lærdal

GJEKK BRA: Flammane kom nærme gamlegata på Lærdalsøyri, men dei gamle trehusa vart berga.

Foto: Jan Erikstad

– Ekstreme forhold

Brannsjef i Årdal og Lærdal, Gaute Johnsgaard, har måtte svare på kritikken frå DSB etter at flammar sløkte 40 bygningar i Lærdal i fjor.

Gaute Johnsgaard

BRANNSJEF: Gaute Johnsgaard har siste tida måtte svare på kritikken frå DSB.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Over 100 brannfolk frå 12 brannkorps, 150 personar frå Sivilforsvaret og frivillige kjempa heile natta mot flammane som spreidde seg svært raskt i sterk vind.

– Hendinga var heilt ekstrem, den største brannen i Norge sidan 1923. Det var heilt ekstreme forhold. Innsatsen som vart gjort var formidabel og er den som gjer at gamle Lærdalsøyri er der. Det kan ikkje DSB kritisere, sa han.