Hopp til innhold

Politimannen var sikta for vald mot sambuaren. No har riksadvokaten lagt vekk saka

Politimannen vart etterforska for familievald, men riksadvokaten finn ikkje tilstrekkeleg bevis for at valden har funne stad.

LETTA: Advokat Mette Yvonne Larsen seier både ho og politimannen er letta over avgjerda til Riksadvokaten.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

No er det endeleg klart at saka mot politimannen blir lagt vekk.

– Han er veldig letta og glad, men kjenner samstundes kor langvarig og belastande prosessen har vore, seier mannen sin advokat, Mette Yvonne Larsen.

Politiet ville ta ut tiltale

Saka vart meld i april 2016 og i oktober i fjor vart det kjend at politiet ynskte å tiltale mannen for brot på straffelova, paragraf 219. I staden valde Statsadvokaten å legge vekk saka på grunn av manglande bevis .

Sambuaren til mannen klaga avgjerda inn for Riksadvokaten . No har også dei lagt vekk saka.

– Det er ikkje lenger noko besøksforbod. Fornærma fekk ikkje medhald der eller i klaga til Riksadvokaten. No er saka over for han, seier Larsen.

Vurderer sivil sak

Jon Christian Elden

VURDERER RETTSSAK: Jon Christian Elden er advokaten til sambuaren som melde politimannen for familievald.

Foto: Veronica Westhrin / NRK

Advokaten til sambuaren, Jon Christian Elden, skriv i ein SMS til NRK at det ikkje er mogleg å angripe Riksadvokaten si vurdering om at tvilen skal komme mannen til gode.

Dei vurderer likevel å gå vidare med saka.

– Vi har ei anna oppfatning av om denne tvilen i det heile er rimeleg, men det er Riksadvokaten si avgjerd. Vi vil vurdere sivil rettssak, men har ikkje konkludert, skriv Elden.

Vil krevje erstatning

Larsen seier at også dei etter påske byrjar arbeidet med å krevje Staten for erstatning for urettmessig strafforfølging. Saka har fått mykje mediemerksemd både lokalt og nasjonalt og den har påverka både familielivet og kontakten med borna.

Mannen vart teken ut av teneste då han vart sikta for familievald . Han er no tilbake i arbeid.

– Du kan tenkje deg ein politimann, som i hans rolle dagleg etterforskar lovbrot, har vore utsett for eit så massivt press over langt tid og har fått økonomiske følgjer som vi meiner Staten skal erstatte, seier Larsen.

– Er det aktuelt å forfølgje andre partar?

– Det er ikkje vanleg i straffesaker, med mindre ein kan sjå om nokon har forklara seg falskt. Det er noko vi må sjå nærare på, men utgangspunktet er å fremje krav ovanfor staten.