Hopp til innhold

Riksadvokaten gjer om avgjerd etter klage - dødsulukke kjem opp for retten likevel

Riksadvokaten har gjort om avgjerda om å legge vekk ei sak mot ein 84 år gammal mann som var tiltalt for aktlaust bildrap.

Dødsulukke i Masfjorden

OMKOM: Motorsyklisten omkom på staden i dødsulykka i Masfjorden 9. juni 2012.

Foto: Endre Hopland/Avisa Nordhordland

Det skriv VG Nett. Ein 27 år gamal mann frå Jølster omkom i ei ulykke i juni 2012. Han budde i Fyllingsdalen og var på veg nordover då ein personbil, som kom sørover, kryssa køyrefeltet hans for å køyre inn på ein rasteplass.

Jølstringen greidde ikkje å bremse opp eller svinge unna, dermed trefte han bilen, vart kasta av motorsykkelen og omkom på staden.

Familien klaga på avgjerda

I januar i år blei det teke ut tiltale for aktlaust bildrap mot den eldre sjåføren i personbilen. Tiltalen hadde ei strafferamme på tre år.

Saka skulle starte i Nordhordland tingrett i slutten av mai, men rett før rettssaka blei den lagt vekk av helsemessige årsaker.

Familien til den omkomne mannen klaga på at saka blei lagt vekk. Riksadvokaten beordra saka oppatteken snarast fordi dei vurderer at det ikkje er tvil om at tiltalte er tilrekneleg.

– Når du får ei rettssak med ein skikkeleg gjennomgang, får du ei avslutning på ting i staden for at alt heng i lause lufta, seier søstera.

– Ei stor påkjenning

Til VG seier forsvarar for 84-åringen, Helge Hansen, at mannen vedgår forholda og at saka er ei stor belastning for klienten hans. No ber dei om ei tilleggsutgreiing for å få ei oppdatert vurdering av mannen.

– Det vil kunne få ei innverknad både for straffeutmålinga og frita ham for skuld, og i alle fall forklare det som skjedde, seier Hansen til VG.