NRK Meny
Normal

Rikfolk oftare å sjå i fjordane – i store luksusbåtar

Verdas rikaste vert stadig oftare å sjå på fjordane våre - i store luksusbåtar verdt opp mot ein milliard.

Yacht

88 METER LANG: Yachten "Fountainhead" var innom Vik på sin seglas gjennom Sognefjorden. Den 88 meter lange yachten er eigd av ein amerikansk milliardær.

Foto: Svein Harald Lilleøren

– Det er betre enn nokon sinne. I fjor hadde vi på denne tida hatt tre. I år er vi allereie oppe i åtte, seier sjef for Aurland hamnevesen, Jon Erik Johnsen.

Talet på superrike turistar i dyre luksusyachtar aukar kraftig i fjordane på Vestlandet. Berre dei siste dagane har fleire av millionbåtane vitja fjordarmane i Sognefjorden.

– Båtane kostar mellom 500 millionar kroner til ein milliard. Dei er 80 meter lange og har alle fasilitetar ein kan tenke seg.

Reiselivet jublar for utviklinga, og at dei får ta større del i ein pengesterk marknad som ofte legg att mykje pengar.

– Dette er folk som har høg kjøpekraft og som er her lenge. Dei kjøper ofte dyre ting og leiger guidar. Nokre har kjøpt heile vogner på Flåmsbana, berre for å kunne vere for seg sjølv, seier Johnsen.

Luksusbåt

DAMPYACHT: Denne yachten låg i Fjærland og er ein av dei siste dampyachtane som er laga i Storbritannia.

Foto: ENDRE DISTAD / PRIVAT

Turistane kjem oftast med eigne båtar

I fjordarmane har mellom anna den 88 meter lange yachten "Fountainhead" segla dei siste dagane. Den er eigd av amerikanske investormilliardæren Edward Lampert.

Norway Super Yachtservice AS er eit selskap som har retta seg inn mot å lokke fleire yachtar som "Fountainhead" til dei norske fjordane. Aksjonærane er blant anna fleire reiselivsselskap som verksemda FjordGuiding.

– Sognefjorden er ein naturleg destinasjon for dei aller fleste. Om yachtane skal nordover er det ofte snakk om ein tur både inn Dalsfjorden og stopp langs kysten i Kalvåg. Elles er både Hardanger, Lofoten og Svalbard populære destinasjonar, seier Ola Alexander Lilloe-Olsen i FjordGuiding.

– Kjem turistane med eigne båtar, eller er det leigde båtar?

– Dei alle fleste kjem med eigne båtar. Nokre av båtane er charter, seier han.

FjordGuiding har registrert hjå seg at det i år kjem 15 av desse luksusbåtane berre til Sogn og Fjordane. Det er betre enn både fjoråret og 2015.

Båt

KAUPANGER: Denne yachten segla forbi Kaupanger på veg til ein ny destinasjon.

Foto: NRK-TIPSAR

Ofte direktørar og sjefar om bord

Det er ikkje berre reiselivet som jublar over denne utviklinga. For kommunane kan dette vere kjærkomne inntekter.

– For det første betaler dei for å ligge til kai, så legg dei att mykje pengar i området dei er i, seier Noralv Distad som er ordførar for Høgre i Aurland.

Er du ein av dei som trur det er verdskjendisar som segler i fjordane våre, så er nok turistane av den anonyme sorten.

– Det er ofte pengesterke folk frå Amerika og Asia som er om bord, og sjeldan kjendisar, men heller direktørar og sjefar for store firma, seier Johnsen.

Noralv Distad

KJÆRKOMEN INNTEKT: Dei pengesterke turistane legg att mykje pengar i området, meiner Aurland-ordførar Noralv Distad (H).

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.