Helikopteret med dei russiske turistane reiste frå Oslo om morgonen, var innom Bergen, Sogndal og Flåm før det landa i Fjærland, og skulle så vidare til Geiranger for å overnatte, skriv nettstaden Fjærland.
Alt dette til ein timepris på 17.000 kr.
Meir:
Bretur
Dei reisande stogga for å besøke bresenteret, og tok fram eit glas champagne for å feire landinga i Fjærlands-bygda.
Dei bestilte så ein buss for å sjå breen, men ombestemte seg etter opphaldet på bremuseet. Bussen måtte returnere til stasjonen – russarane reiste på bretur med helikopter.