Hopp til innhold

Venstre: Rike kraftkommunar bør få behalda inntekter

VIK (NRK): Regjeringa vil ikkje gi signal, men det gjer Venstre: I ei kommunesamanslåing må delar av kraftinntektene bli verande i kommunen, der dei er blitt skapte, meiner André Skjelstad (V).

Andre Skjelstad

- SNAKKAR, DER REGJERINGA TEIER: I ei kommunesamanslåing bør delar av kraftinntektene brukast til nye næringsutviklingsfond og kulturfond, som går til den kommunen der kraftutbygginga har skjedd, sa André Skjelstad, kommunalpolitisk talsperson i Venstre, på eit folkemøte i kraftkommunen Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Politikarar i norske vasskraftkommunar har etterlyst svar frå Regjeringa om kva som skjer med dei store kraftinntektene før ei eventuell kommunesamanslåing: Korleis skal desse pengane delast i nye storkommunar? Men frå Regjeringa kjem inga rettleiing:

Dette er eit spørsmål som kommunane sit nærast til å avgjera, sa Jardar Jensen (H), statssekretær i Kommunaldepartementet, i førre veke.

– Bør behalda kraftpengane

På eit folkemøte i vasskraftkommunen Vik kom det heilt andre signal frå Regjeringa sitt støtteparti, Venstre. Rike vasskraftkommunar bør få behalda delar av inntektene sine viss dei slår seg saman med andre, meiner kommunalpolitisk talsperson på Stortinget, André Skjelstad (V).

– Delar av pengane bør gå inn i fellesskapen i den nye storkommunen. Men definitivt må delar av det som er ytt frå den kommunen – som gjennom bandlegging og neddemming av område – tilfalla den kommunen det kjem frå.

Morten Holmberg

SOLID OPPMØTE: Morten Holmberg og Vik Venstre samla oppunder femti vikjer til folkemøte om kommunesamanslåing.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Milliardinntekter

Tal frå Energi Norge viser at om lag 100 kommunar og fylkeskommunar i landet til saman har fire milliardar kroner i kraftinntekter kvart år. Berre i Sogn og Fjordane får Aurland, Bremanger, Høyanger og Vik over 250 millionar kraftkroner i kommunekassa årleg.

Fordelinga av desse kraftpengane i nye storkommunar blir eit sentralt tema i forhandlingar før ein eventuell fusjon. Der regjeringa ikkje vil gi råd, meiner Skjelstad og Venstre at delar av kraftinntektene bør bli verande der verdiane er skapte:

– Ein bør få på plass næringsutviklingsfond, kulturfond og anna som går til det området kraftutbygginga har skjedd.

Marta Finden Halset

ETTERLYSER RÅD: Ordførar i Vik, Marta Finden Halset (Ap), vil ha svar frå Regjeringa på kva som skjer med dei store kraftinntektene før ei eventuell kommunesamanslåing.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Skepsis til kommunesamanslåing

I Vik og andre kraftkommunar, som Aurland og Bremanger, er skepsisen stor til kommunesamanslåing. Det kom òg tydeleg fram på folkemøtet onsdag kveld, i regi av Vik Venstre.

For Vik finst ingen openberre samanslåingspartnarar, mellom anna fordi riksveg 13 over det vêrutsette Vikafjellet er mykje stengt om vinteren, og fordi innbyggjarane – når dei skal nordover – er avhengige av ferje, som ikkje går om natta.

Dersom kraftkommunen må slå seg saman med andre, er det naturleg å bidra til fellesskapen, meiner ordførar Marta Finden Halset (Ap). Men ho meiner at ein del av dei 45 millionar kraftkronene som Vik får kvart år, bør kommunen få behalda til næringsutvikling og samferdsleprosjekt, seier ho:

– Me må tillata oss å forventa at me får att litt, fordi det er våre naturressursar som er bygde ut, og det er her verdiane er skapte.

Olav Turvoll

VIL BEHALDA INTERKOMMUNALE SELSKAP: Olav Turvoll, varaordførar i Vik (Sp), var ein av dei som tok ordet føre dei førti frammøtte på folkemøtet om kommunesamanslåing, i regi av Vik Venstre.

Foto: Noralv Pedersen / NRK