Hopp til innhold

– Sjølvsagt kriblar det litt ekstra sidan eg skal til heimbyen og spele

Han har 35 landskampar og erfaring frå Premier League. I morgon er målet hans å gjere livet surt for gamle lagkameratar i Ålesund.

Bjørn Helge Riise på sogndaltrening

LITT SPENT: Bjørn Helge Riise vedgår at det kriblar litt når han torsdag møter gamle lagkameratar i Ålesund i kampen om å få rykke opp til Elitserien igjen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Den tidlegare proffspelaren Bjørn Helge Riise med 35 A-landskampar kom til Sogndal i august etter at han fekk lite speletid i barndomsklubben AaFK.

Onsdag morgon sette han seg på bussen for å køyre til heimbyen. I morgon skal det nemleg avgjerast om det er Sogndal eller Aalesund som møter Stabæk i siste kvalifiseringsrunde om retten til å spele i Eliteserien neste år.

Men 35-åringen med fartstid frå klubbar som Lillestrøm og Fulham let seg ikkje stresse av motstandaren denne gongen er gamle lagkameratar.

– Å spele ein så viktig kamp, uansett kven vi møter, er utruleg moro. Sjølvsagt kriblar det litt ekstra sidan eg skal til heimbyen og spele, men eg har vore med i dette gamet så lenge at eg ikkje hausar opp denne kampen for meir enn det den er. For meg spelar det ingen rolle kven som spelar på den andre banehalvdelen.

– Korleis vert det å kome heim på juleferie viss du er den som stoppar eit opprykk for Aalesund?

– Eg har masse gode vener i og rundt klubben. Eg har og familie og mange vener i byen, så det trur eg skal gå veldig fint.

– Kan verte avgjerande

Riise kan fort bli ein nøkkelspelar mot gamle lagkameratar. Det trur i alle fall fotballkommentator i Sogn Avis, Endre Romøren.

– Han har vore god no mot slutten, og han gjorde mest truleg sin beste kamp mot Aalesund tidlegare I haust. Der var han veldig god på midtbana, og betre enn spelarane på midtbana deira. Og det er ofte slik i fotball at vinn du midtbanekampen, så har du ein veldig god sjanse til å vinne sjølve kampen og, meiner Romøren.

Laster innhold, vennligst vent..

– Statistikk betyr lite

– Sogndal har ikkje tapt borte mot Aalesund sidan 2011. Betyr det noko når dommaren bles i gang kampen?

– For meg er det berre statistikk. Kva einaste kamp lever sitt eige liv, og spesielt desse kampane som betyr så mykje. Det er veldig mykje nervar og press.

– Det mest avslappa laget vinn

Korleis trur du kampen vert?

– Eg trur det vert ein tett og tøff batalje. Eg har sagt at det laget som klarer å senke skuldrene, vere offensive og som best klarer å takle alt rundt kampen vil kome sigrande ut.

Sjølv har Riise dette stalltipset før kampen.

– Eg likar eigentleg ikkje å tippe resultat, men eg trur det vert tett og jamt. Eg trur vi vinn 2–1.

riise

GJEKK FRÅ AAFK: Bjørn Helge Riise kom frå Aalesund FK til Sogndal i august i år.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix