Hopp til innhold

Riggar festivalområdet minutt for minutt

Malakoff Rockfestival legg i år ut direktebilete frå rigginga av festivalområdet, slik at folk kan følgje prosessen minutt for minutt.

Malakoff

DIREKTE: I dagane før årets Malakoff Rockfestival legg festivalen ut direktebilete av førebuingane på området.

Foto: Øystein Torheim

– Vi synest NRK si satsing på blant anna «Hurtigruten minutt for minutt» var ein kul gimmick, og bestemte oss for å prøve noko liknande, fortel festivalsjef for Malakoff Rockfestival, Arnt-Ivar Naustdal.

Festivalen skal vise direktebilete frå den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid heilt fram til den fyrste konserten startar fredag.

– Vi har eit internt behov for å dokumentere kva som skjer medan vi steller i stand området. I tillegg kan vi ta ut bilete undervegs og nytte oss av dei neste år, for å koordinere rigginga endå betre og tidfeste ulike aktivitetar, seier Naustdal

Hjelper nyfikne publikummarar

Malakoff før festival

TOMT: Folk kan følgje rigginga av festivalområdet på internett.

Foto: Festivalkamera

I tillegg til å nytte opptaka for framtidige festivalar, trur Naustdal folk er nyfikne på korleis området tar form og vil vise fram dette.

– Det er veldig mange som er interesserte i kor langt vi er komne med rigginga, og no kan folk overalt følgje med undervegs, fortel han.

Linken til direktesendinga vart lagt ut i går, og så langt har rundt 700 brukarar vitja nettsida.

– Vi kjem vel opp i dei same sjåartala som NRK hadde under sine «minutt for minutt»-sendingar, seier Naustdal og ler.

Festivalsjefen fortel at arbeidet med å reise den store festivalscena startar i dag, og at publikummarane kan følgje med på dette arbeidet.

– No er det seks dugnadslag med 15–20 personar som er involvert i ulike arbeidsoppgåver, fortel han.

– Strålande billettsal

Festivalsjefen trur at billettane til arrangementet kan bli utselde før helga.

– Vi har selt godt over 90 prosent av billettane, og held salet seg framover trur eg vi kan bli utselde før festivalen, men det er sjølvsagt vanskeleg å spå, seier han.

Naustdal har merka ein enorm pågang på billettar, og ein svært stor etterspørsel etter overnattingstilbod.

– Det er sprengt kapasitet på hotell, motell og campingplassar. Men vi prøvar så godt vi kan å hjelpe til, seier han.