Hopp til innhold

Rigg skal i opplag i Florø

Boreriggen Bideford Dolphin skal ligge i opplag hos skipsverftet Westcon Yards i Florø. Riggen skal etter planen komme til kystbyen i starten av neste veke, og skal ifølgje ei pressemelding ligge i såkalla varmt opplag. Det vil seie at maskineriet blir halde i gang. Boreriggen kjem frå oppdrag i Nordsjøen.

Bideford Dolphin
Foto: Siv Rødland