50 år gamle Ricky Skaggs frå Kentucky i USA har vunne seks grammy-prisar – den amerikanske spelemannsprisen, og ei rekkje andre prisar.
Hovudattraksjonen på konserten i år er Charley Pride. Denne velkjende countrystjerna hadde mellom 1969 og 1984 heile 36 nummer ein-hits i USA. (Sjå meir om årets artistar på "Norsk Country Treff" på internett)
I fyllearresten
Køntritreffet på Breim starta fredag ettermiddag. Lensmannen i Gloppen henta inn den første til fyllearresten klokka ti i dag.
Mannen protesterte fordi han skulle nå konserten til Hellbillies, men roa seg då han vart overbevist om at det framleis var føremiddag.
Han vart sett fri seinare på dagen, og lensmannen håpar at treffet skal føregå i rolege former utover helga.