Hopp til innhold

Her blir Sogndal-Santos presentert som spelar for ny klubb i Sverige

Sogndalspelaren Ricardo Santos vender heim til Sverige. No klokka ni vart han presentert som spelar for allsvenskanklubben Åtvidaberg.

Ricardo Santos

PRESSEKONFERANSE: Her blir Ricardo Santos presentert som ny spelar for den svenske klubben Åtvidaberg FF.

Foto: Åtvidaberg FF

NRK veit at Santos reiste frå Sogndal og heim til Sverige tidlegare i veka, og at den svenske klubben har betalt for svensk-bransilianaren. Santos fekk opphaveleg ein treårskontrakt med Sogndal.

No har Åtvidaberg og Sogndal blitt samde om ein førebels ukjend overgangssum, og Santos har skrive kontrakt med Åtvidaberg fram til 2015.

Innrømmer at det har vore tøft

– Vi er svært nøgde med den avtalen vi har inngått med Sogndal, opplyser klubbleiinga på pressekonferansen om overgangen for Santos.

Santos har også tidlegare spelt for Åtvidaberg då han var 20 år, no returnerer han som klubben sitt førsteval når overgangsvindauga no opna.

– Det har vore litt tøft i Sogndal, og eg har jo vore mykje på benken i det siste, sa Santos på Åtvidaberg sin pressekonferanse no i føremiddag.

Ønska å selje Santos

Det har lenge vore kjend at Sogndal hadde eit ønskje om å selje Santos vidare. Han har på langt nær innfridd dei forventningane klubben hadde då dei signerte med Santos.

– Det har ikkje vore nokon lang prosess knytta til denne overgangen. Det har vore ein dialog mellom oss og Åtvidaberg, der dei ville sjå på moglegheita for å få Ricardo Santos tilbake i klubben han var tidlegare. Målt opp mot situasjonen til Ricardo, så fann vi ut at det var ok å sørge for ein overgang for spelaren, seier sportsleg koordinator i Sogndal Fotball, Håvard Flo til NRK.no.

– God løysing for alle partar

At Ricardo Santos no er løyst frå kontrakten opnar også opp for at Sogndal kan gå meir ut i marknaden i jakta på ein ny spiss.

– Reint logistikkmessig så er vi bra nøgde med denne overgangen. Han har fått avgrensa med speletid i 2013. Han har ikkje klart å produsere skåringar utfrå det vi hadde håpa på. Eg trur nok for alle partar, så er nok dette ei god løysing, seier Flo.