Hopp til innhold

Revisjonselskap i vanskar – vil ha fylkesfusjon

Dagleg leiar sluttar og éin av fem revisorar er langtidssjukemeld: SF Revisjon i Sogn ønskjer eit nytt fylkesdekkjande revisjonsselskap for å tryggja eit sårbart fagmiljø.

Arne Hovland

TRØR TIL SJØLV: – Bemanninga er så knapp at eg kanskje må avlasta situasjonen, seier styreleiar Arne Hovland i Sogn og Fjordane Revisjon.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Me ønskjer eitt nytt revisjonsselskap for heile fylket, men det vil vera krevjande å få til, fordi selskapsstrukturen då må endrast. Revisjonsselskapa i Sunnfjord og Nordfjord er i dag kommunale føretak, medan Sogn og Fjordane Revisjon i Sogn er eit interkommunalt selskap, seier styreleiar Arne Hovland i Sogn og Fjordane Revisjon.

Revisjonsselskapet på Hermansverk – som reviderer rekneskapane til fylkeskommunen og sju sognekommunar – har dei siste månadane kome i akutte vanskar:

  • I mai blei det kjent at Ingvar Linde seier opp stillinga som dagleg leiar i selskapet for å bli økonomisjef i Høyanger kommune.
  • I tillegg slit den vesle staben med ei langtidssjukemelding.

Nestleiar Marianne Vara har etter oppmodingar til slutt sagt ja til å gå inn som konstituert leiar, men bemanninga er så knapp at styreleiaren vurderer å trø til sjølv.

– Styreleiar må kanskje avlasta situasjonen slik at dagleg leiar slepp unna dei meir trivielle arbeidsoppgåvene, seier Hovland.

Terje Førde

STARTAR FUSJONSSONDERINGAR: – Me er positive til samtalar om eit nytt fylkesdekkjande kommunerevisjonsselskap, seier nyvald leiar Terje Førde i Sogn og Fjordane kommunerevisorforeining.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Fusjon

Ein veg ut av uføret kan vera ei samanslåing. Sogn og Fjordane Revisjon har dei siste åra gjort fusjonsframstøytar både mot dei to kommunale revisjonsselskapa i Nordfjord og Sunnfjord, og no sist mot Voss, men utan resultat.

På årsmøtet i Sogn og Fjordane kommunerevisorforeining tysdag tok Hovland og Sogn og Fjordane Revisjon eit nytt initiativ, og no kan tida vera moden, seier nyvald fylkesleiar i foreininga, Terje Førde:

– Hovland inviterte til konstruktive samtalar. Tanken er at me kan bli eit fylkesdekkjande selskap på sikt. Det stilte me oss litt positive til, og dei tre selskapa i fylket er samde om å møtast att i august for å drøfta dette vidare.

Nytt kommunekart

Nye kommune- og fylkesgrenser kan pressa fram eit slikt nytt fylkesdekkjande kommunerevisjonsselskap:

  • I Sunnfjord går Jølster, Førde, Naustdal og Gaular saman til ein storkommune. I Nordfjord vurderer Hornindal å slå seg saman med Volda eller Stryn. Dette vil gripa inn i drifta til dei kommunale revisjonsselskapa i dei to futedømma.
  • Skulle Sogn og Fjordane fylke gå inn i ein ny Vestlandsregion, vil det merkast godt i Sogn og Fjordane Revisjon, der fylkeskommunen krev cirka 40 prosent av arbeidsinnsatsen.

Det er politikarane i dei involverte eigarkommunane og fylkeskommunen som til sjuande å sist skal ta stilling til ein eventuell fusjon.

Jenny Følling

HOVUDEIGAR: Fylkesordførar Jenny Følling forventar at Sogn og Fjordane Revisjon maktar å levera dei avtalte revisjonstenestene til fylkeskommunen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Klare forventningar

Fredag i førre veke hadde Sogn og Fjordane Revisjon møte med eigarane sine (sjå faktaboks), der styreleiar Hovland orienterte om den krevjande situasjonen.

På møtet presiserte fylkesordførar Jenny Følling (Sp) – som representerer den klart største eigaren, fylkeskommunen – at dei forventar at Sogn og Fjordane Revisjon leverer dei tenestene dei har avtale på.

– Det skal me klara. Blir det heilt nede på nauda, har me ein sentralorganisasjon i ryggen, og me kan dessutan få avlasting frå andre revisjonsdistrikt som har betre kapasitet, seier styreleiar Hovland.