- Det er litt meiningslaust at dei som skal passe på at me held norsk lov, ikkje følgjer den sjølv, meiner han.
Unnatekne frå mållova
Bakgrunnen for at LNK uttalar seg er ei klage på at sorenskrivar Harald Hjermann brukar bokmål i dommane sine i Sogn tingrett. Men det har han faktisk lov til, dommarane er unnatekne frå mållova. Men i det administrative arbeidet i rettsvesenet og politiet skal det brukast nynorsk i nynorskområde.
- Det gjer dei ikkje. Ikkje minst er dette eit problem i dataprogram, til dømes malar for forskjellige saker. Desse blir berre brukt på bokmål, seier han.
- Bryt mållova
Og politimeister Kjell Ese må vedgå at dei bryt mållova stadig vekk.
- Eg må nok innrømme at også politiet i Sogn og Fjordane har nokre svin på skogen Men vi prøver å ha fokus på det, slik at vi så godt som mogeleg skal følgje mållova, seier han
Bokmålsbrukarar slit
Dei politifolka som har bokmålsbakgrunn slit naturleg nok mest med å bruke nynorsk, men dei er slett ikkje dei einaste som tyr til bokmål.
- Det er ingen grunn til at dei som er frå nynorskområde skal byrje å skrive bokmål, sjølv om dei arbeidar i politiet, meiner Ese.