NRK Meny
Normal

Rettsstellet tek eit sjeldant steg

– Eg veit ikkje om eg har vore med på det før, men det er ei uhyre viktig sak for fylket, seier sorenskrivar Terje Mowatt om fråsegna rettsstellet i dag sende ut.

Terje Mowatt

ÅTVARAR: Sorenskrivar i Fjordane tingrett, Terje Mowatt, har fått med seg Sogn tingrett og alle praktiserande strafferettsadvokatar på ei fråsegn mot sentraliseringa av politiet.

Foto: NRK

Tingrettane i Sogn og Fjordane har saman med alle praktiserande strafferettsadvokatar i dag sendt ut ei fråsegn som frårår sentralisering av Sogn og Fjordane politidistrikt.

Rettsstellet fryktar ei utarming av tenestene i fylket.

– Det er grunn til å frykte ei utarming av tenestene. Sentraliserte «robuste fagmiljø» vil innebere at politiet sin spisskompetanse på ulike fagfelt blir flytta bort frå Sogn og Fjordane, seier Mowatt.

Lenger avstand

Det går mot ei storstilt sentralisering av politidistrikta. Regjeringspartia Høgre og Frp er samde med Venstre om å redusere dagens 27 til 12. Det betyr at politiressursane i Sogn og Fjordane skal leiast frå Hordaland – og ikkje Florø som i dag. Reforma betyr også færre lensmannskontor.

Domstolane og advokatane i fylket fryktar at avstanden vil kunne medføre høgare terskel for å nytte spesialistar i etterforskinga.

– Eg registrerer at dei jobbar med å få spesialeiningar til fylket, men det tryggaste vil då vere å halde oppe politidistriktet som skal fatte avgjerdene, seier Mowatt.

Fryktar for rettstryggleiken

Mowatt fryktar for rettstryggleiken og tykkjer det er eit paradoks å leggje ned eit politidistrikt med måltal i landstoppen.

Sorenskrivaren er redd for at byproblematikken vil sluke ressursar som kunne vore nytta her. Dei siste åra har også Sogn og Fjordane politidistrikt vist at dei kan takle store hendingar.

– Ser ein på resultata og arbeidet som blir gjort i distriktet, så held det bra kvalitet. Oppklaringsprosenten er blant dei beste i landet, det same på sakshandsamingstid. Då er det eit rettssikkerheitsproblem å leggje det til eit distrikt der til dømes oppklaringsprosenten er like over 30, seier han.

– Vil ikkje gagne

– Eg kan ikkje sjå at ei slik omlegging vil tene innbyggjarane i Sogn og Fjordane, legg han til og meiner at ein kan nå målet med meir nærpoliti utan å røre distriktsgrensene. Sogn og Fjordane kjenner best sine eigne utfordringar.

– Det eg er oppteken av, er kvar etterforskingsressursane skal sitje, og kvar dei som skal bestemme budsjetta sit, seier han og vonar politiske styresmakter tek politidistriktet sine gode resultat på alvor, og lar Sogn og Fjordane politidistrikt bestå.

Vegopning på Bergum i Førde kommune