Dommaren seier i si avgjerd at han ikkje finn det tilstrekkeleg prova så langt at 29-åringen frå Sogndal drap den 32 år gamle bror sin med vilje søndag kveld.
Kanskje aktlaust
Dommaren meiner det heller kan dreie seg om eit aktlaust drap, eller at den eldre broren fekk så store skader at han døydde av dei. Men sjølv om politiet ikkje får medhald av dommaren i at drapet vart gjort med vilje, så meiner politiet dei no har fått arbeidsro i saka sidan 29-åringen er varetektsfengsla fram til 10. september.
- Viktig signal
Forsvararen til 29-åringen, advokat Louis Anda, seier at dommaren med kjennelsen sin gjev viktige signal til påtalemakta om at det ikkje dreier seg om eit drap som vart gjort med vilje, og at det er også godt nytt for klienten hans.
Politiet vurderer å påkjære kjennelsen.