Hopp til innhold

Retten stoggar Pelagia i Måløy

Oslo tingrett har bestemt at Pelagia må stogge utbygginga av fabrikken i Måløy til 55 millionar kroner. Det skriv sysla.no. Utbyggingsarbeidet er allereie i gang, men Domstein har stemna Pelagia fordi selskapet meiner utbygginga ikkje skjer i tråd med aksjonæravtala. Dagleg leiar og styreleiar i Pelagia, Egil Magne Haugstad, seier til NRK Sogn og Fjordane at det vert jobba med å finne ei løysing. Ut over det vil han ikkje kommentere saka i dag.