Hopp til innhold

Retten meiner oppseiing er ugyldig – no ankar Nordfjord Kjøtt

Ein slovakisk sesongarbeidar vann over Nordfjord Kjøtt. Fjordane tingrett meiner oppseiinga og avskjeden av mannen er ugyldig. No ankar Nordfjord Kjøtt.

Fjordane tingrett

UGYLDIG ELLER IKKJE: Striden mellom arbeidaren og Nordfjord Kjøtt står om bruk av øyreklokker. Arbeidaren nekta å bruke dei, og difor gav Nordfjord Kjøtt han avskjed på dagen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Arbeidaren kom til Norge i 2012 og var sesongarbeidar hjå Nordfjord Kjøtt. Frå tidleg 2013 vart han fast tilsett i verksemda.

Målingar av svært høgt støynivå på forskjellige avdelingar hjå Nordfjord Kjøtt, gjorde at verksemda innførte ein endå strengare praksis for bruk av hørselsvern. Den slovakiske arbeidaren fekk sine øyreklokker i august 2014, og signerte på at han skulle bruke dei. Han brukte dei berre to timar, før stort ubehag gjorde at han tok dei av att.

Det førte til at Nordfjord Kjøtt gav han ei skriftleg åtvaring få dagar seinare. Same dag leverte arbeidaren ein legeattest som sa at han opplevde å bli svimmel ved bruk av alle typar høyrselsvern, og at Nordfjord Kjøtt burde vurdere fritak frå bruk av høyrselsvern fordi å vere svimmel vil medføre ein vesentleg helserisiko i arbeidet hans.

I november 2014 fekk arbeidaren ei åtvaring om at om han ikkje byrja å bruke høyrselsvern kunne det føre til avskjed på dagen. Etter eit drøftingsmøte der den tilsette, tillitsvalde, hovudverneombodet og leiinga var til stades, mottok arbeidaren oppseiing frå Nordfjord Kjøtt, men han kunne jobbe ut året.

Men arbeidaren held fram utan høyrselsvern, og i slutten av november fekk han ei ny åtvaring. Dagen etter eit nytt drøftingsmøte fekk han avskjed; beskjed om at han måtte slutte i jobben på dagen.

– Oppseiinga er ugyldig

Arbeidaren gjekk til sak, og kravde i Fjordane tingrett at oppseiinga og avskjeden er ugyldig, og at Nordfjord Kjøtt betalar 250.000 kroner i erstatning og sakskostnadane. Nordfjord Kjøtt kravde å bli frifunne og at arbeidaren betalte sakskostnadane til kjøttverksemda.

Retten meiner fleire ting gjer at avskjeden ikkje kan stå seg som rettmessig: Retten kan ikkje kan utelukke at påbodet om høyrselsvern ikkje vart klart nok formidla til arbeidaren, det kan ha vore språklege misforståingar, og arbeidsgjevar gjorde ikkje noko for å avklare om det var helsemessige årsaker som gjorde at arbeidaren ikkje kunne bruke øyreklokkene og om arbeidaren kunne bruke andre typar høyrselsvern.

Med same bakgrunn meiner retten arbeidsgjevaren si sakshandsaming har vore mangelfull, og at heller ikkje oppseiinga er sakleg grunngjeve.

Retten kom samrøystes fram til at både oppseiinga og avskjeden av den slovakiske arbeidaren er ugyldig. Nordfjord Kjøtt må betale arbeidaren 220 000 i erstatning for inntektstap og oppreising, og kjøttverksemda må og betale 115 000 kroner for sakskostandane hans.

– Dommen er riktig

Advokaten til arbeidaren, Odd Arne Nilsen, er svært nøgd med avgjerda til Fjordane tingrett.

– Eg har ikkje snakka med han enno, men eg reknar med han er nøgd, sidan det er i tråd med det han kravde, seier Nilsen.

– Dommen er riktig. Dommen seier at arbeidsgjevar ikkje kan tre reglar nedover hovudet på tilsette utan ei viss sakshandsaming, og arbeidsgjevaren kan ikkje gå til opphøyr av arbeidsforholdet utan å ha vurdert andre moglegheiter om arbeidstakaren ikkje kan følgje dei første påboda frå arbeidsgjevaren, seier han.

Ankar dommen

Nordfjord Kjøtt ankar dommen.

– Vi har gått gjennom dommen og vurdert han. Vi meiner dommen er uriktig og har avgjort at vi ankar, seier advokat Svein Erik Haaland, som representerer Nordfjord Kjøtt.

– Kvifor meiner de dommen er uriktig?

– Den tilsette nekta å bruke høyrselsvern trass diverse pålegg. Nordfjord Kjøtt hadde ikkje berre rett til å pålegge bruk av høyrselsvern, men også plikt til å pålegge bruk av høyrselsvern. Nordfjord Kjøtt meiner at dei var nøydde til å gå til avskjed av vedkommande, når den tilsette nekta å følgje dette trass mange åtvaringar, seier Haaland.

– Dei har full rett til å anke. Eg kan ikkje skjønne at lagmannsretten kan kome til eit anna resultat. Eg synest det som stod i tingretten sin dom om den manglande sakshandsaminga var rimeleg klart. Dei gjekk altfor tidleg til opphøyr av arbeidsforholdet, seier advokaten til arbeidaren.