Hopp til innhold

Slik kan Sigrid køyre sjølv igjen

FØRDE (NRK): For tre år sidan skada Sigrid Sellereite seg i ein paragliding-ulukke, men med hjelpemiddel frå NAV kan ho likevel stå på ski.

Funksjonshemning er ikkje til hinder for å nyta skilivets gleder.
I dag viste skikrinsen i sogn og fjordane og NAV fram hjelpemiddel. 
Og for Sigrid Sellereite betyr dette ein ny start i skitrekket.

– Eg får jo skikkeleg skikjensla igjen, seier Sigrid Sellereite.

Ho er på veg opp skibakken i Blomlia i Sunnfjord på sitski. Med seg har ho ein rettleiar som skal gjere Sellereite trygg på å køyre sjølv.

Sigrid Sellereite i ein sitski i Blomlia.

TILBAKE PÅ SKI: – Sjølv om eg ikkje kan stå på ski lenger, kan eg sitte. Det blir mykje det same, seier Sellereite.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

– Det er veldig positivt å få kome hit og lære frå folk som kan det. Det er litt skummelt å ta med seg sitskien i bakken sjølv, når du ikkje heilt veit kva du driv med.

Senke terskelen

Skitrekket er i full gang fordi NAV Hjelpemiddelsentral og Sogn og Fjordane skikrins arrangerer temadag. Personar med fysisk eller psykisk funksjonshemming kan få prøve tilpassa skiutstyr.

– Det er mange som får opplæring og får leika seg, seier Asle Sande, fysioterapeut hjå hjelpemiddelsentralen i Førde.

– Det er ein terskel å vere på ein arena der alle andre er friske. Vi jobbar med å få den terskelen så låg som mogeleg. Det er veldig stas at dei kjem hit og kjenner seg som ein naturleg deltakar i skianlegget.

Asle Sande syner fram ein sitski.

OPPLÆRING: Fysioterapeuten vil gjerne sjå fleire i bakken.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

Vil få fleire ut

Unge med funksjonshemming deltek lite i sosiale aktivitetar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Dette kan gå utover livskvaliteten. Samanlikna med andre på same alder, er fleire unge med nedsett funksjonsevne einsame.

Hjelpemiddelsentralen håpar å motverke dette. For å spreie kunnskapen til flest mogeleg er også familiemedlemmar, studentar og fagfolk i skibakken.

Asle Sande står ved hytteveggen i skitrekket i Blomlia

HJELP TIL SJØLVHJELP: Sande frå NAV Hjelpemiddelsentral håpar kunnskapen og skigleda spreiar seg.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

– Som med andre hjelpemiddel for dei med nedsett funksjonsevne, handlar det òg mykje om omgjevnadane. At nokon er ivrige og villige til å følgje opp, det vere seg familie eller anna støtteapparat, har mykje å seie. Mange kan lære å køyre sjølvstendig, men dei kan likevel trenge hjelp til å løfte utstyret ut av bilen, seier Sande.

Fagfolk som ergoterapeutar, fysioterapeutar og vernepleiarar må òg kjenne til hjelpemidla slik at dei kan nå ut til fleire potensielle brukarar.

Slikt utstyr må dei søke om, men det er gratis for personar under 26 år. For dei over 26 år er det ein eigendel på inntil 4 000 kroner.

– Dette er flott utstyr til ein låg kostnad, seier fysioterapeuten. Vi ser helst at søknaden går gjennom helsetenesta i kommunen, sidan det då vert kommunen sitt ansvar å følgje opp.

Sitski og andre hjelpemiddel på rekke og rad. Klare til bruk.

MULTIFUNKSJONELT: På ein sitski kan ski bytast ut med hjul og såleis også nyttast om sommaren.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

Gjer godt

Målet til Sellereite er å køyre heilt på eiga hand, og det er innan rekkevidde. Utan tiltaket frå NAV hadde det vore vanskeleg. Ho er overtydd om at dette har fleire positive sider.

– Det er godt å få komme seg ut i frisk luft, seier ho.

Sigrid Sellereite i sitski og hennar rettleiar diskuterer neste runde.

SLAGPLAN: Sellereite og rettleiaren summerer opp førre renn, og førebur neste.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK