Hopp til innhold

Rett svar og vinnarar av påskequizen 2019

Gjennom påska har vi trekt daglege vinnarar av årets påskequiz.

Bilete til påskequizen 2019
Foto: Scanpix/NRK/Anre Walaker Mørkrid/Privat/Sogn Brann og Redning

Det har resultert i åtte vinnarar av NRK-krus. Ein heldig får også ein DAB-radio i posten.

Vinnar av DAB-radio

Vi fekk inn nær 1.500 svar i løpet av påskequizen. Årets hovudpremie, altså DAB-radioen, går til Udvin Breilid frå Lærdal.

Påskequizen for 22. april

Det siste løysingsordet vi skulle fram til i årets påskequiz, var «påskeegg». Den heldige vinnaren vart Sissel Lillestøl frå Nordfjordeid. Vi gratulerer.

Påskequizen for 21. april

Løysingsordet denne gongen var «påskedag». Det var det mange som visste og Joakim Yttri Fossøy frå Kaupanger i Sogn vart trekt ut som vinnar.

Påskequizen for 20. april

Løysingsordet denne gongen var «krossfesting». Det var det mange som visste og Jarle Bergset frå Vassenden i Jølster vart trekt ut som vinnar.

Påskequizen for 19. april

Vi skulle fram til ein aktivitet mange gjer no i påsken. «Skitur» var løysningsordet og det klarte over 200 innsendarar å svara på. Premien i dag går til Vigdis Raunehaug frå Kaupanger.

Påskequizen for 18. april

Kom du fram til dagens løysingsord som er «påskelam»? Mellom alle dei rette svara har vi trekt ut Bjarte Lending i Førde som vinnar. Gratulerer!

Påskequizen for 17. april

I dag skulle vi fram til «påskehare». Vi har trekt ein vinnar, og det blei Agnar Aarethun i Lærdal. Gratulerer!

Påskequizen for 16. april

Svaret vi skulle fram til var «Jerusalem». Den heldige vinnaren denne gongen vart Inger Sognefest frå Eivindvik. Vi gratulerer.

Påskequizen for 14. april

Vi tjuvstarta årets påskequiz med ein liten smaksprøve allereie Palmesøndag. Svaret vi skulle fram til var «påskekrim». Som fleire oppdaga hadde det snike seg inn ein liten feil i ei av oppgåvene. Vi godtek også svaret til dei som kom fram til feil løysingsord på grunn av denne feilen. Den heldige vinnaren er Solgunn Årskog frå Eid. Vi gratulerer.