Rett frå Boston-drama til Florø

10 kilometer under Rett Vest i Florø er det første løpet teatersjef Terje Lyngstad spring etter det dramatiske maratonløpet i Boston førre helg.

Terje og Vebjørn Lyngstad

TRADISJON: Teatersjef Terje Lyngstad og sonen Vebjørn (13) storkoste seg på Rett Vest i Florø laurdag. Dei har planar om å gjere det til ein tradisjon å springe saman på 10 kilometeren.

Foto: Alf Vidar Snæland / Sunnfjord Media

Teatersjefen i Sogn og Fjordane teater har ikkje teke skrekken etter at fleire bomber gjekk av i målområdet på Boston Maraton. Laurdag sprang han sitt første løp etter hendinga, og det i Florø på Rett Vest.

Han synest det er viktig å halde fram med idretten sjølv om slike ting skjer.

– Ein blir jo meir oppgitt og sint fordi folk kan gjere så grufulle handlingar. Det å springe blir jo i neste omgang eit svar på at ingen kan komme og ta ifrå folk liva deira. Så det vert nesten endå viktigare å drive den type aktivitet som meg i framtida, meiner Lyngstad.

Sprang saman med sonen

Saman med sonen Vebjørn (13) sprang han i dag 10 kilometer under Rett Vest i Florø laurdag.

– Det var utruleg fint i dag. Eigentleg var det om å gjere å få Vebjørn gjennom på ei skapeleg tid, så vi hadde no ein plan.

– Vil han gå i faren sine fotspor?

– Han trivst godt med løping. Eg veit ikkje om han vil gå i mine fotspor, men han likar det godt. Om han hadde fått lov å springe eit maratonløp no så ung som han er, så trur eg faktisk han hadde gjort. Men han sprang eit halvmaraton i fjor i Bergen like før han fylte 13, fortel Lyngstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rett Vest i Florø

MYKJE FOLK: Det var god stemning med mange løpeglade folk i Florø under Rett Vest laurdag.

Foto: Alf Vidar Snæland / Sunnfjord Media

Skal bli tradisjon

Og å springe 10 kilometer på Rett Vest har dei to planar om å gjere til ein årleg tradisjon.

– Dette skal bli ein tradisjon, og som Vebjørn seier, når han vert stor nok skal han auke distansen og då håpar eg vi til slutt kan springe ein maraton i lag både der og andre stader, seier teatersjefen.

Og resultatet vart heller ikkje så verst, i alle fall ikkje for Lyngstad junior.

– Eg kom langt ned på mi liste, men eg trur han kom rett under dei tre beste i hans klasse.

Planar om fleire maraton

Sjølv har Lyngstad definitivt planar om å delta i fleire store maratonløp, trass i bombeeksplosjonane i Boston førre helg.

– I år skal eg til Stockholm ein tur, og neste år blir det som sagt Boston, og sannsynlegvis New York.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Lyngstad gjekk i mål kort tid før dei to eksplosjonane i målområdet ved Boston Maraton

DRAMATISK: Terje Lyngstad opplevde dramatikken i Boston førre helg på nært hald. Han gjekk i mål berre 50 minutt før første bomba gjekk av.

Foto: Montasje: Privat/Charles Krupa/Ap

I Florø i dag, blant det han tippar var mellom 300 og 400 menneske, var det derimot ingen grunn til slike bekymringar, meiner Lyngstad.

– Vi kan ikkje tenkje slik på lokale løp ute i distrikta i Norge. Det vil jo bli heilt absurd. I seg sjølv er det jo slik at du ikkje kan gardere deg hundre prosent mot noko nokon stad, men i Florø i dag var det veldig triveleg, mykje hyggjelege folk og som sagt veldig kjekt å springe.

Helge Hafsås frå Olden vart klar vinnar på maraton i Florø i dag med tida 2.42.40, meda Marius Vedvik hadde beste tida på 10 kilometer med ei tid på 32.02.