Uteståande løn skal tilbakebetalast i januar dersom felgfabrikken oppnår sitt budsjetterte årsresultat. Gjer dei ikkje det, er pengane tapt seier dei tilsette sin representant i Fundamus-styret Erik Flæthe.
Kvar tilsett i Fundamus har til no fått utbetalt omlag 5000 kroner mindre enn det dei ville oppnådd utan resultatlønsavtalen. Denne avtalen har altså gjort det mogleg for eigarane å variere lønningane, for så å betale tilbake det uteståande dersom årsresultatet blir som forventa. Og slik situasjonen ser ut i dag, med eit halvtårsresultat på over 10 millionar kroner, ligg det an til at pengane blir tilbakebetalt.
Men mange tilsette fryktar likevel at ting forandrar seg og at pengane vil vere tapt for alltid. Difor har dei sagt opp avtalen, seier Flæthe.
Administrerande direktør i Fundamus, Arvid Ullebø, meiner pila peikar rett veg og at uteståande løn dermed blir utbetalt ved nyttår. Og går det betre enn venta, då ventar til og med ein bonus.