Hopp til innhold

Resultatlaust undervassøk etter den omkomne i Jølstravatnet

Politiet har ikkje funne bilen etter ein dag med søk i Jølster. Ein mann omkom og er framleis sakna etter uvêret for ein månad sidan.

Leitemannskap har gjort funn med sonar i Jølstravatnet

UTAN RESULTAT: Sikta i Jølstravatnet er framleis for dårleg til å leite med miniubåt.

Foto: Bård Siem / NRK

Rapporten frå miniubåtoperatøren fortel at dei ikkje var i stand til å finne den aktuelle bilen.

– Problemstillinga er framleis at sikta er svært dårleg når ein kjem ned på den djupna der vi meiner bilen ligg, seier regionlensmann Dag Fiske.

I går tysdag 3. september vart det på ny gjort søk etter bilen som vart tatt av raset 30. juli. Men leiteforholda synte seg å framleis vere for dårlege.

Ti centimeter sikt

Det vart gjennomført to dykk med ROV i to timar på kvart søk. Den antekne bilen ligg på 165 meters djupne. Om lag fem meter frå botnen er sikta på den aktuelle staden på under ti centimeter.

– Det gjer at det er svært vanskeleg å danne seg noko bilete av kva som er på botnen der, seier Fiske.

I tillegg er det svært mykje buskar og tre på botnen som gjer det vanskeleg å kome til med ROV.

– Vi har difor bestemt oss for å avslutte søket i denne omgang i påvente av betre sikt, seier Fiske.

Ventar på rapport

Sjølv om ein i dette tilfellet veit kvar bilen ligg, er det ikkje mogleg å få visuelt stadfesta at bilen ligg der på grunn av forholda. Politiet får heller ikkje visuelt verifisert forholda i og rundt bilen.

– Vi ventar no på rapporten frå selskapet som gjer undersøkingane. Sist vart det sagt at i slutten av september kanskje kunne vere eit bra tidspunkt for nye søk, seier Fiske.