Hopp til innhold

Resultatlaust søk i fossen

Søket etter den sakna Charlotte Moene (17)  i Øvstetunfossen vart avslutta fredag kveld - utan at det vart funne noko. Laurdag skal det leitast med miniubåt i Årdalsvatnet.

Søk i Øvstetunfossen i Øvre Årdal.

Leitemannskapa klarte å redusere vasstanden i Øvestetunfossen så mykje at dykkarar kunne nå dei vanskelegaste plassane i dag.

Foto: Steinar Kvigne, porten.no

Fredag ettermiddag klarte mannskapa å leie bort såpass mykje vatn frå elva at dei kunne starte søket på dei vanskelegaste plassane i Øvstetunfossen i Øvre Årdal.

Skal søke i Årdalsvatnet

Lensmann Kristen Olav Grøttebø seier dette var det siste forsøket frå det offentlege på å finne den sakna Charlotte Moene. Dykkarane har sagt at dei er heilt sikre på at det ikkje er noko i elva eller Øvstetunfossen.

- Viss det ikkje kjem nye opplysningar, kjem vi ikkje til å søke meir, seier han.

Men det vil framleis verte leita etter Moene - i privat regi. Grøttebø opplyser at fondet som har samla inn midlar vil starte eit nytt søk med miniubåt i Årdalsvatnet på laurdag. Den kan og vere aktuelt å bruke den svenske likhunden som er i Bergen i samband med ei forsvinningssak der.

Hjelp av helikopter

Fire dykkarar frå brann- og redningsetaten i Oslo, tre dykkarar frå Røde Kors i Førde og mannskap frå politiet, Norsk Folkehjelp, breførargruppa i Jostedalen og Hydro Energi deltok i søket på fredag.

I tillegg fekk mannskapa hjelp av eit helikopter som løfta på plass fleire store sandsekkar i elva. Saman med eit spesielt røyrsystem klarte dei å leie vatnet over i eit sideløp av Fardøla.

- Søket går etter planen

Dermed vart vasstanden i elva så låg at dykkarane kunne leite på dei plassane som det ikkje var søkt på tidlegare.

- Søket gjekk etter planen. Vi har søkt i Fardøla, frå fossen og opp til Melheim, seier lensmann Kristen Olav Grøttebø.

Den 17 år gamle Charlotte Moene har vore sakna frå heimen sin sidan 9. juli. Eit av fleire tips som politiet har fått inn, går ut på at ho skal ha kryssa Fardøla over ei bru.