Resultatlaus leiting i natt

Nattas leiting etter den sakna 22 år gamle Pavol Ivancik vart resultatlaus. Gjennom natta har mannskap frå sivilforsvaret søkt etter mannen. Frå klokka ni i dag vert søket trappa opp. Då vert også Røde Kors, redningshundar og politiet med søket igjen. 22-åringen vart sist sett ved heimen sin i Svelgen tysdag ettermiddag og familien melde han sakna onsdag kveld.