NRK Meny
Normal

Restetråd vart nyskapande tekstilkunst

Innvik (NRK): Det starta med ein bunke restetrådar frå bedrifta Innvik Sellgren. No skal kunstnarduoen Kristina Aas og Karina Presttun representere Norge på anerkjend utstilling i Nederland.

Karina og kristina med tekstilkunst

DUOEN FRAMFOR KUNSTVERKET: Kristina Daukintyte Aas og Karina Nøkleby Presttun har vorte valde ut til å representere Norge i den internasjonale utstillinga, Textile Biennials, i Nederland. Frå 16. mai til slutten av september skal dette, pluss eit liknande kunstverk i same serien, stillast ut i byen Rijswijk.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Karina Presttun og Kristina Aas møtte kvarandre på avdelinga for tekstil på Kunsthøgskulen i Bergen. Presttun gjekk ut med bachelor i 2009 og Aas med master i 2011. Dei har hatt god kontakt og jamleg idèutveksling til kunstprosjekt.

I over fire år har eg arbeidd som tekstildesignar for Innvik AS. Inne på fabrikklokala på jobb fann eg renningstrådar som skulle kastast. Dette er eit spennande materiale å lag kunst av. Eg samla trådane og ringde Karina, fortel Kristina D.Aas.

Restetrådane frå bedrifta i Innvik som driv med utvikling og produksjon av møbeltekstilar, vart pakka ned og sende til Bergen.

– Der fekk eg nokre av mine gode veninner til å vere modellar. Trådane vart iscenesett på hovud, kropp og ansikt. Då oppstod nokre interessante effektar. Eg tok fotografi av modellane og sende bileta til Aas, fortel Presttun.

Karina Presttun og Kristina Aas

FRÅ UTSTILLINGA PÅ GAMLE INNVIK ULLVARE: Kristina Daukintyte Aas og Karina Nøkleby Presttun stilte ut fleire verk i Innvik. 13–17. april vart kunstutstillinga Det dobbelte arrangert. Her kunne ein sjå kunstverk av både den norske duoen og to danske tekstilkunstnarar, Lotte Dalgaard og Ann Schmidt-Christensen.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Jobbar digitalt med kunsten

På fabrikken der Aas arbeidar i Innvik, gjorde ho om dei tilsende fotografia til filer som kunne nyttast i programmet til veven.

– Eg arbeidde digitalt for å omsette bildefilene til filer som passar programmet på jobb. Fleire teknikkar innan veving vart testa, før vi såg kva som gav best resultat, fortel Aas.

Kristina Aas

SJØLVPORTRETT: Kristina D. Aas med sjølvportrett i bakgrunnen. Til dagleg bur ho i bygda Utvik og arbeidar som tekstildesignar ved Innvik AS. Opphavleg er ho frå Litauen, men har budd 20 år i Noreg.– Eg er imponert over kor mykje lokalbefolkninga engasjerer seg i alt som skjer i desse små bygdene.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Kunstverka vart produsert i fabrikklokalet der møbelstoff vanlegvis står i fokus. Dei første var i svart/kvitt. Etter nokre telefonsamtalar og møter, utarbeida duoen portretta i fargar. Det er to av desse kunstverka som skal stillast ut i Nederland.

– Det begynte med restetrådar, som var innom ein digital prosess og enda opp som stoff igjen, forklarar Aas om kunstprosessen.

Utstillinga i Nederland

Textile Biennials vert arrangert anna kvart år i byen Rijswijk. Mellom 20 og 25 kunstnarar frå heile verda vert valde av ein jury til å delta.

– Det er vi som skal representere Norge. Det er stas, fortel Aas.

– Eg trur vi har vorte valde fordi verka våre er spennande og godt teknisk utført, seier Presttun.

Frå juryen i Nederland har kunstnarane fått spørsmål om bileta verkeleg er vovne.

Karina Presttun

TEKSTILKUNST: Karina Nøkleby Presttun kjem frå Bergen og nyttar ofte familie og vener til å vere modellar i kunsten. Ho synast det er stas å representere norsk tekstilkunst på utstillinga i Nederland. – Vi er veldig heldige og stolte over å ha blitt plukka ut til å stille to av verka våre.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Han eg prata med frå Nederland var veldig fascinert over teknikken. Han ville vite om trådane var sydd på biletet etterpå, eller om det vovne verket var eit fotografi. Der er ein tredimensjonalitet i biletet som får folk nysgjerrige, fortel Presttun.

Også det vanlege publikumet er litt usikre på kva dette eigentleg er.

– Kunstverka er vovne på maskinene til Innvik AS, men eg har fått tilbakemelding frå folk som har trudd det har vore både måleri og fotografi. Uansett, at kunstverka skapar nysgjerrigheit og at folk interesserer seg er det viktigaste!

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser