Resett-redaktør ut mot Rotevatn

Fleire annonsørar har trekt annonsane sine frå resett.no etter ein Twitter-kampanje. Blant dei som har oppmoda annonsørane til å ikkje annonsere på nettstaden er statssekretær for Venstre, Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid. Resett-redaktør Helge Lurås likar dårleg at Rotevatn har blanda seg inn i kven som annonserer på nettsida hans.