Hopp til innhold

Reparerte båten over natta

I dag skal Sjøfartsdirektoratet vere med på ein prøvetur for å sjå at systema verkar igjen. Rolf Sandvik i The Fjords trur båten kan vere i rute i kveld.

Vision of the fjords

REPARERT: Passasjerbåten er no reparert, og ventar på å på nytt bli godkjent av Sjøfartsdirektoratet.

Foto: Arne Veum

I natt har teknikarar vore om bord på båten for å finne ut kva som gjekk gale då den nye passasjerbåten «Vision of the Fjords» slokna med 41 passasjerar om bord, søndag.

– Det var ei pumpe og ein ventil på eit styresystem. Det er no skifta, og det gjer at vi no kan gå i rute igjen, seier Rolf Sandvik, som er dagleg leiar i reiarlaget The Fjords.

Han ventar no på at Sjøfartsdirektoratet skal komme og godkjenne båten, slik at den formelt har lov til å gå i rute.

– Vi er ganske trygge på at reparasjonane no har gjort at alt verkar som det skal, og at båten kjem i rute rimeleg fort. Kanskje alt i kveld, seier Sandvik.

– Passasjerane merka ingenting

Når ein passasjerbåt mistar styringa kan det fort få dramatiske konsekvensar. Sandvik seier at det var udramatisk då passasjerbåten plutseleg ikkje kunne styrast.

– Det var 41 passasjerar om bord som ikkje merka at noko var gale. Eg snakka med kapteinen og han seier at passasjerane var ikkje klare over situasjonen. Så det har nok vore mindre dramatisk enn det vi på utsida trur.

Vanskeleg start

Det er selskapet Maritime Management som driv båten, og dei har fortalt om fleire feil på båten dei siste tre vekene sidan båten kom i rute. Sandvik meiner at det ikkje er noko spesielt at ikkje alt er i orden med båten.

– Dette her er såkalla små hendingar, og det vil det vere når ein båt som «Vision of the Fjords» kjem ut. Det er ein båt som aldri har vore bygd før, så små feil vil det alltid vere. Det er heilt udramatisk og det har ikkje vore ein stor sak for oss.