Ein glad Oddvar Flølo med Reodorprisen. Foto:Kjetil Svorkmo Bergmann, Innovasjon Norge
- Største eg har opplevd
Og gründer Oddvar Flølo i Paneda AS var svært nøgd etter prisutdelinga i Oslo. - Dette er det største eg har opplevd, iallfall yrkesmessig, seier han.
Var ikkje sikker
Framfor ein fullsett sal i Oslo Konserthus vart bedrifta Paneda frå Selje tysdag kveld utropt som vinnar av den eldste og kanskje gjevaste prisen til Innovasjon Norge, sjølvaste oppfinnarprisen. Tre finalistar konkurrerte om Reodorprisen, og Flølo var absolutt ikkje sikker på at det var dei som skulle stikke av med prisen på 200.000 kroner. I tillegg til pengesummen får Paneda og ein statuett laga av bilethoggaren Nils Aas, basert på Kjell Aukrusts oppfinnarfigur, Reodor Felgen.
Starta som LokalDigital AS
Paneda er ei gründerbedrift som har utvikla teknologi for distribusjon av digital-tv der folk ikkje kan sjå fjersnyn via parabol på grunn av høge fjell. Paneda vart starta i 2001 under namnet LokalDigital AS, etter at Oddvar Flølo hadde utvikla eit banebrytande system for trådlaus distribusjon av digital-tv-signal. Den første sendaren vart sett opp i Kjødepollen i Selje for eit lokalsamfunn på 10 husstandar.
Satsar internasjonalt
I dag heiter firmaet Paneda og har sendarar i drift over heile Noreg. Målet for Paneda er å bli ein leverandør både nasjonalt og internasjonalt. - Og ein slik pris betyr mykje, ikkje minst når vi skal marknadsføre oss, seier Olav Flølo.