Hopp til innhold

Rende rett på grunn utanfor Florø

Ingen kom til skade då ein fritidsbåt gjekk på grunn på vestsida av Kinnasundet i Flora i ettermiddag.

Grunnstøyting i Kinnsundet.

PÅ GRUNN: Sjøen har fjæra etter at båten gjekk på grunn.

Foto: Roger Bareksten

Uhellet skjedde i 14.30-tida. Etter det NRK.no kjenner til var det ingen dramatikk og ingen av personane om bord vart skadde.

Det er førebels ukjent kor mange som var om bord.

Innbyggjarar i Rognaldsvåg reiste ut for å hente på land dei som var om bord. Det skal ikkje ha gått hol i skroget på båten og ein reknar med å kunne dra båten av når det blir flo.

– Vi har fått opplysningar om at dei som var om bord er på land og i god behald, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.