Hopp til innhold

Rende i kaien med solid promille og seks passasjerar

Sunnfjording dømd til fengsel i 24 dagar etter båtulukke i april i fjor.

Båtulykke på Ulltangneset i Førde

FLEIRE SKADDE: Naudetatane fekk melding om båtulukka like før midnatt aprilkvelden i fjor.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

I høg fart trefte fritidsbåten kaianlegget ved Ulltang i Førde. Fire personar vart sende til Førde sentralsjukehus. To vart lagt inn med lettare skader, medan dei to siste fekk behandling på legevakt.

Blodprøve teken vel ein time etter samanstøyten viste at båtføraren, ein sunnfjording i 40-åra, hadde ein promille på 1,37.

Mannen la alle korta på bordet då han nyleg møtte i Sogn og Fjordane tingrett. Det same gjorde han om trusselen han i juni i år retta mot ein tilsett ved eit skattekontor.

Retten meinte trusselposten åleine kvalifiserte til fengsel i 15–30 dagar, medan promillekøyringa med båt kvalifiserte til ei kortare fengselsstraff.

Mannen fekk noko strafferabatt for tilståinga og fordi tiltalen etter ulukka i fjor har hatt lang liggetid hos politiet. Påtalemakta kravde også at mannen ikkje får føre båtførarbevispliktig fritidsbåt det neste året. Mannen hadde ikkje innvendingar mot dette.