NRK Meny
Normal

Religion og surf lokkar dei ut i havgapet

STADLANDET (NRK): Stadlandet har blitt eit samlingspunkt for kristne surferar. Og nokre reiser aldri derifrå.

Kristne surfarar stad

SURF: Surf og religion lokka desse til Stadlandet. Og her har dei blitt verande. Frå venstre: Naomi Dalsbø, Møyfrid Barkved, Margrete Rødland og Jofrid Hånes.

Bølgene slår kontinuerleg mot stranda i Hoddevik. Det var det dei kom hit for, surfarane Naomi Dalsbø og Helene Roussel.

Men det var ikkje den einaste grunnen til at dei blei igjen.

– Når vi flytta så langt frå familien min i Oslo var det veldig fint å få ein familie i fellesskapet i kyrkjelyden, fortel Helene Roussel.

På Stadlandet i Selje kommune har det vakse fram eit miljø av kristne surfarar, som gir påfyll både i folketalet og i medlemstalet i meinigheita.

Flytta frå Sunnmøre til Stad

Det var surfen som tok Naomi Dalsbø frå Valderøya til Stadlandet. Ho flytta inn med nokre vener, og gjennom dei fann ho også vegen inn i Filadelfia-meinigheita.

– Eg er kristen, så det var veldig naturleg å bli med dei i meinigheita. Med ein gong er gjekk over dørstokken spurte dei om kven eg var og kva som er historia mi, seier Naomi Dalsbø.

Fellesskapet strekker seg ut over veggane i meinigheitshuset i det vesle samfunnet. Dei unge surfarane kjem inn i lokalmiljøet, og dei lokale blir engasjerte i surfemiljøet.

– Når vi hadde NM i surfing her var meinigheita med. Dei steikte lappar og kokte kaffi, og var med å heia, fortel surfaren.

Surfing i Hoddevik

FRISKT: Bølgjene kan bli store på Stadtlandet, den vestlegaste delen av Norge.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fellesskap i kyrkjelyden

Filadelfia-meinigheita på Leikanger, Stadlandet er ei av mange meinigheiter i Pinserørsla. Det er ei kristen rørsle, som har rundt 40.000 medlemer i ulike meinigheiter i landet.

Meinigheita mangla unge medlemmer før surferane byrja å finne vegen dit. No har dei rundt 90 medlemmer, og rundt 50 som er med på aktivitetar i løpet av veka.

Av desse er det fleire enkeltpersonar og familiar som har flytta til Stad på grunn av surfinga og minigheita dei ynskjer å vere ein del av.

– Pastoren i Filadelfia opna garden sin ein sommar for alle som ville komme hit og surfe, som ein liten camp. Det miljøet har bringa mange kristne surfarar tilbake hit, og mange har også komme tilbake for å bli, fortel Helene Roussel.

For ei lita meinigheit og ei lita bygd, tel kvar person mykje, opplever Roussel. Ho og mannen hadde verken jobb eller stad å bu når dei kom til Leikanger, og det var skummelt.

kristne surfarar

FLYTTA: Helene Roussel og Naomi Dalsbotn trur redsla for å ikkje få jobb eller stad å bu sikkert stoppar mange frå å ta steget og flytte til Stadlandet.

No jobbar Helene Roussel som landskapsarkitekt på Nordfjordeid, medan mannen hennar jobbar i Hoddevik med surfeturistar.

– Det ordna seg jo for meg og mannen min. Vi har hus og bu i og jobbar. Folk her tar oss i mot med opne armar, dei ynskjer at folk skal kunne slå seg ned her.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote