Raset som gjekk mellom Brekke og Instefjord i Gulen tysdag morgon, kom som eit sjokk på foreldre, tilsette og skuleborn, fortel Bodil Bjørlo Takle. Ikkje fordi det gjekk eit ras, men fordi dei svære steinblokkene deisa ned i mai, og ikkje på vinteren. Sjå: Steinras stengte veg .
- Dette er ein veldig kjedeleg situasjon for oss, seier Bjørlo Takle.
Kravet om rassikring av strekninga har vore der i årevis, men no meiner rektoren at tida er inne for handling.
Får ikkje støtte
Likevel får ho ikkje støtte for kravet hjå Arild Hegrenes i Statens Vegvesen i Hordaland. Han sa i eit intervju i går at dei ikkje har planar om sikringstiltak på strekninga der raset gjekk.
- Der er mange strekningar på Vestlandet det er ønskjeleg å gjere noko med, men midlane er avgrenasa, og vi har ikkje
umiddelbare planar om å gjere noko mellom Instefjord og Brekke, sa Hegrenes.
Det likar Brekke-rektoren dårleg:
- Det er så mange elevar dette gjeld at eg ikkje synest noko om at vi må vente lenge på sikring i eit område som trass alt er lite.