NRK Meny
Normal

Rektor: – Problema må ikkje skubbast under teppet

Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, møter kollegaene sine ved Høgskulen i Bergen og Universitet i Bergen i kveld. På dagsorden: Eit mogleg storuniversitet på Vestlandet.

Åse Løkeland

ELEFANTEN I ROMMET: Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) må setja ord på det som er viktig for oss i fusjonssonderingane med Høgskulen og Universitetet i Bergen, seier HiSF-rektor Åse Løkeland.

Foto: Steinar Lote / NRK

I dag kjem rektorane ved Høgskulen og Universitet i Bergen til Sogndal. På dagsorden står eit mogleg storuniversitet på Vestlandet. Dette er ein kongstanke HiSF har kosta støvet av på nyåret.

HiSF-rektor Åse Løkeland har difor følgt arbeidet med eit nytt gigant-NTNU i Trondheim med interesse. Saman med høgskulane i Ålesund, Gjøvik, Narvik og Sør-Trøndelag kan nemleg NTNU bli landets største universitet.

Plassjef

– Der har dei litt av dei same problemstillingane som hjå oss. Høgskulane er opptekne av å ha lokal handlefridom, samstundes som dei vil kopla seg tettare på fagmiljøa ved NTNU, seier Løkeland.

Rektorane i Ålesund, Narvik, Gjøvik og Trondheim ser føre seg eit såkalla multicampusuniversitet, altså at det framleis skal vera utdanning og forsking ved campusane i alle fire byane, men at det berre skal vera éin rektor, eitt namn og eitt styre.

– Samstundes må den lokale identiteten takast vare på. Ein plassjef ved kvar campus kan vera føremålstenleg, men detaljane er ikkje bestemt enno, seier NTNU-rektor Gunnar Bovim.

Otte for sentralisering

Dei fire høgskulane har sagt ja til å gå vidare med reelle fusjonssamtalar, men har likevel vore redde for miste sjølvstyret og for ei sentralisering mot Trondheim.

Dette er òg ei uro i leiinga ved HiSF, som heilt til det siste har villa behalda høgskulen som sjølvstendig eining.

Styra eigen campus

I Gjøvik har høgskulen sett ned klare vilkår for ein fusjon.

– Me vil ha ei viss styring over eigen campus, slik at politikarar og industrileiarar i nærområdet har ein stad å henvenda seg til utan å måtta gå til Trondheim, seier rektor Jørn Wroldsen.

I storfusjonen er det storebror NTNU som sit med nøkkelen. Styret der skal ta stilling seinare i januar.

Symbolsk viktig

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad (H), gler seg over samtalane om eit eventuelt storuniversitet på Vestlandet. At rektorane i Bergen kjem til Sogndal, er eit signal i seg sjølv, meiner Haugstad:

– Dette symbolsk viktig og viser at HiSF er ein attraktiv samarbeidspartnar og kandidat til fusjon.