NRK Meny
Normal

Ho ville la elevane symje ute - snart kan det bli eit krav ved alle landets skular

Norges Livredningsselskap vil gi skuleelevar symjeopplæring utandørs, og får støtte frå fleire parti i Stortinget. Det gler rektoren på Vassenden i Jølster, som møtte motbør då ho føreslo det same.

Anne Cecilie Kapstad

FEKK NEI: I 2011 ville rektor Anne Cecilie Kapstad gi elevane symjeundervisning i Jølstravatnet. Snart kan det bli eit kravt.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er veldig interessant at det er fleire som har byrja å tenke i dei baner, seier rektor Anne Cecilie Kapstad ved Vassenden skule.

I 2011 tok ho til orde for å late elevane ha symjeundervisning utandørs i Jølstravatnet, fem månader i året. Men forslaget møtte motbør både hos enkeltelevar, foreldre og ikkje minst politikarane i Jølster. Då sistnemnde sa nei, vart det aldri halde ein einaste skuletime utandørs.

Druknar ute – ikkje inne

No tek Norges Livredningsselskap sterkt til orde for at utandørs symjeopplæring er naudsynt. Per 1. oktober i år har 91 personar omkomme i drukningsulykker i Norge. Berre éin av desse omkom innandørs.

Gard A. Bjørnstad

KREV UTANDØRS OPPLÆRING: – Så godt som alle som druknar, gjer det utandørs, seier president Gard A. Bjørnstad i Norges Livredningsforbund.

Foto: Norges Livredningsselskap

– Kvar druknar vi? Jo, det gjer vi ute i naturen, ikkje i symjehallane. Vi treng rett og slett den utfordringa som naturen gir oss, seier Gard A. Bjørnstad, president i Norges Livredningsselskap.

Han får støtte frå både Venstre, Ap og Sp på Stortinget. Det kling godt i øyra til rektoren i Jølster.

– Viss ein tenkjer konkret på kor tid ein treng livredning, så er det gjerne utandørs i iskaldt vatn. Eg trur det vil vere ein veldig realistisk opplæringssituasjon å ha det utandørs. Dei fleste elevane i Jølster bur rundt det iskalde Jølstravatnet som og blir mykje brukt til fritidsaktivitetar.

– Følte vi var for tidleg ute

Vassenden-rektoren viser til at dei, i arbeidet med forslaget som vart stemt ned i Jølster, beit seg merke at det i retningslinjene for symjeopplæringa var rom for utandørs symjeopplæring.

Når skulen samstundes sleit med dårleg kapasitet og lang reiseveg til det kommunale bassenget i kommunesenteret Skei, føreslo Kapstad i fullt alvor å la elevane få undervisning ute i Jølstravatnet, eit steinkast frå skulen. Men skepsisen lokalt vart for stor.

– Vi følte vel at vi kanskje var 20 år for tidleg ute. Det var ein ganske kontroversiell idé vi hadde, og vi fronta det ganske så humoristisk den gongen, minnest Kapstad.

Tomme basseng

I mange kommunar står det langt dårlegare til enn i Jølster, der ein trass alt har eit basseng med vatn. Det uroar Bjørnstad i Norges Livredningsselskap.

– I dag er talet på symjedyktige nede på nokre og 50 prosent. Vi har utrangerte symjehallar. Nokre av dei står utan vatn, og det blir ei frykteleg kostbar affære å ta att, seier han til NRK.no.

Løysinga ligg utandørs, meiner Bjørnstad.

– Då får vi opplæring på rett stad, og vårt utgangspunkt er sjølvberging. Og så må vi kunne berge andre, når vi har berge oss sjølve. Då har vi gjort to fluger i ein smekk.

I Jølster ser rektor Anne Cecilie Kapstad det som naturleg at debatten om utandørs symjeundervisning etter kvart kjem opp att.

– Det ser eg som naturleg. Men det er klart, eg må ha fleire med på laget enn kva berre eg som rektor meiner.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast