Hopp til innhold

Rekrutteringsbyrå overtek

Stadig fleire bedrifter søkjer hjelp hos bemannings- og rekrutteringsbyrå for skaffe nye tilsette.

Og byråa driv no ikkje lenger berre jakt på toppleiarar, dei jaktar også på ufaglærde.

Terina i Sogndal er ei av bedriftene som brukar bemanningsbyrå. Divisjonsleiar Per Steinar Sviggum i Terina,  meiner bedrifta sparar pengar på dette.

 

- Større fleksibilitet

Det viktigaste for Terina er at avtalen med bemanningsbyrået skaper større fleksibilitet i bedrifta.

- Har sin pris

Frode Henden, fungerande leiar for NAV i Sogn og Fjordane, tidlegere Aetat, har merka at bedrifter går nye vegar for å finne arbeidskraft. Han ser at stadig fleire bedrifter nyttar seg av bemanningbyrå. I 2004 vart 12.000 årsverk formidla av bemanningbyrå.I fjor var det oppe i 15.000 årsverk. Henden meiner dei private byråa kan vere flinkare enn det offentlege til å skaffe arbeidskraft, men han meiner det har sin pris.

Mangel på arbeidskraft

Det er stor etterspurnad etter arbeidskraft i fylket. Rundt 4000 stillingar er blitt lyste ut gjennom Aetat i Sogn og Fjordane dei seks første månadene i år.

Avdeling i Sogndal

Bjarne Jacobsen er dagleg leiar i Proffice Bergen, byrået som skaffar arbeidarar til mellom andre Terina. Han meiner det er fleire årsaker til at bedrifter tek kontakt når dei treng fleire tilsette.

Jacobsen har god tru på at marknaden for bemanningsbyrå i Sogn og Fjordane er aukande, og Proffice skal no etablere ei avdeling i Sogndal.