NRK Meny
Normal

Rekordvekst for Normatic

NORDFJORDEID (NRK): Tidenes omsetning gav eit kraftig overskot for teknologiverksemda Normatic.

Hans Inge Solheim

SUKSESSVERKSEMD: Hans Inge Solheim er godt nøgd med fjorårsresultatet, og ventar ytterlegare vekst. Her framfor hovudkontoret på Nordfjordeid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det har lønt seg å satse for Normatic på Nordfjordeid. I fjor var omsetninga rekordstore 76 millionar kroner, og verksemda tener godt med pengar. Overskotet dobla seg til solide 14,7 millionar kroner i 2014.

Dagleg leiar Hans Inge Solheim har grunn til å vere nøgd.

– Vi er veldig godt nøgde med resultatet, det var jo noko betre enn planen. Vi ventar at veksten vil halde fram i år. Vi har ein god stab tilsette.

Solheim er ein av medeigarane i verksemda, som er eigd av lokale personar som også jobbar i Normatic.

Seks nye tilsette på kort tid

Normatic leverer styringssystem og driftskontrollar til vatn og avlaup, store bygg og til maritime kundar. Av dei 53 tilsette jobbar 35 på Nordfjordeid, 12 i Førde og ein 4–5 personar på Austlandet. Svært mange har høgare utdanning innan el og IT.

– Vi tilsett seks nye berre no etter sommaren, både her på Nordfjordeid og i Førde. Så har vi tilsett to lærlingar også, seier Solheim.

Utdanningstilbod avgjerande

Normatic har mesteparten av kundane utanfor fylket. Solheim meiner derfor at gode utdanningstilbod er nøkkelen for å satse frå Sogn og Fjordane. Særleg er Eid vidaregåande skule og ingeniørutdanninga ved Høgskulen i Førde enormt viktig.

– For oss er desse avgjerande for at vi kan satse her i fylket.

For når etterspurnaden veks er fokuset å få tak i nok arbeidskraft.

– Det å få utdanna folk innan vårt område er ei utfordring vi jobbar med kontinuerleg.

Avansert eigenutvikla teknologi

Inne i ein verkstad står fleire digre metallskap, med eit utal brytarar, boksar og tusenvis av koplingar. Inne i skapet er det 3,5 kilometer med korte tynne leidningar. Alle koplingane har sin bestemte funksjon.

Lenger oppe i etasjane jobbar it-programmerarar og ingeniørar med å utvikle løysingane, også avdelinga i Førde er ei rein utviklingsavdeling.

Hans Inge Solheim

TIL KINA: Skapet her er ein del av styringssystemet som skal nyttast til avgassreinsing på eit nytt stort skip.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Snart skal heile tavleanlegget fraktast frå Nordfjordeid og over halve kloden til eit verft i Kina. Der skal det styre NOx-reinseanlegget på eit stort nytt fartøy.

– Så sender vi eigne folk nedover for å setje det i drift, seier Solheim.

Hjørnesteinsnæring i Eid

El og it har blitt ei hjørnesteinsnæring i Eid. Til saman jobbar det no nær 180 menneske i miljøet, som har verksemder som Eid elektro, Normatic og Caverion i spissen.

– Det viser at om ein har tru på ting er alt mogleg å få til. Det er lettare å utvikle seg når ein er i eit miljø av ein viss storleik. Normatic skal auke opp til 100 millionar i 2017, resultatet så langt i år viser at det er vi på god veg til.