Hopp til innhold

Temperaturrekordar i heile fylket

Både i Sunnfjord og i Nordfjord er det sett varmerekordar for vintermånadane. Frå desember til februar har det vore fire til fem grader varmare enn normalt.

Kåre Hauge

REKORD PÅ REKORD: Minusgrader har vore sjeldan vare på Kåre Hauge sin målestasjon på Sandane denne vinteren (arkivfoto).

Foto: Firda Tidend

– Eg kan ikkje hugse at vi har hatt ein så stabil og bra vinter før. Den har rett og slett vore spesiell, seier Kåre Hauge, som driv vêrstasjonen på Sandane.

Vanlegvis ligg gjennomsnittstemperaturen på Sandane i februar på mellom null og minus to grader.

– Dei siste 30 døgna har gjennomsnittstemperaturen vore 5,4 grader over det som er normalt. Den heitaste dagen i februar var det 12 grader, fortel Hauge, som tok over vêrobservasjonane etter far sin i 1973.

Store avvik frå normalen

– 12. desember hadde vi heile 12,2 grader, det er den høgaste målinga i løpet av vintermånadane, seier han.

Også i Stryn og på målestasjonen Tefre i Førde er det målt rekordvarme i løpet av vintermånadane. I Førde har det vore 5,1 grader over normalen, noko som ikkje har skjedd sidan 1993.

– Det har vore ein mild vinter med betydelege avvik i temperaturane, seier meteorolog, Steinar Skare.

I Stryn har det aldri før vore målt så høge temperaturar som no. Frå desember til februar ligg snittemperaturen i bygda på minus 2,3 grader, medan det i år har vore på 2,2 plussgrader syner tala frå Meteorologisk institutt.

Ha bytt vêr med Austlandet

– Det har vore mykje vind frå søraust eller aust, og ganske så vindfullt i perioden, i tillegg til dei gode temperaturane, seier meteorologen om kva som har karakterisert vêret gjennom vinteren.

Også på Hauge på Sandane har Kåre Hauge merka seg at både vind og vindretning har verka inn på temperaturane.

– Eg trur at dei lågtrykka som vanlegvis kjem over Vestlandskysten har kome inn lenger sør i landet og på Austlandet. Då får vi fønvinden med tørr luft og opphaldsvêr som austlendingane vanlegvis får. Lufta har også vore usedvanleg tørr, fortel Hauge.

Minusgrader har vore sjeldan kost

Målingane frå vêrstasjonen syner at medan luftfuktigheita til vanleg ligg på mellom 90 og 100 prosent, så har det denne vinteren berre vore mellom 10 og 20 prosent.

Også kuldegrader har vore sjeldan vare på Hauge sin temperaturmålar dei siste månadane.

– I januar, kring årsskiftet, var det mange dagar med temperaturar kring 10 grader. Makstemperaturane har stort sett vore på pluss, men det var eit par dagar i midten av januar då minus 3 grader var høgste målte temperatur.

Meteorologisk institutt har berre rekna ut snittemperaturane for Sunnfjord og Nordfjord, og har førebels ikkje klart tala for Sogn.