Hopp til innhold

Fjoråret vart dramatisk for bøndene - aldri har dei fått så mykje i erstatning

Allereie ein tredjedel ned i søknadsbunken ser landbruksdirektøren at det blir eit rekordår. Aldri tidlegare har bønder i Sogn og Fjordane fått så mykje i erstatning for avlingssvikt.

Angedalen

ERSTATNING: Isbrann øydela avlinga for mange bønder i fjor sommar. Dette biletet er frå Angedalen i Førde kommune.

Foto: Ronny Grimeland / NRK

– Eg trur vi kjem til å passere ti millionar kroner i erstatning. Ein så stor sum har vi aldri vore oppe i før, og viser at skadeåret vi hadde i fjor var ekstraordinært, seier assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Til saman er det 170 bønder i fylket som har søkt om erstatning for avlingssvikt i 2013. Ein lang kuldeperiode med isdekke på marka gjorde at svært mange bønder opplevde at graset dauda. Frukt og bærbønder vart også hardt råka, og hadde svært reduserte avlingar i fjor sommar.

Så store erstatningar at direktøren er overraska

Bjørn Harald Haugsvær

OVERRASKA: Bjørn Harald Haugsvær er assisterande landbruksdirektør hjå fylkesmannen i Song og Fjordane

Foto: Tale Hauso

Haugsvær og kollegaene jobbar no med å komme seg gjennom søknadsbunken. Berre ein tredjedel ned i den ser dei konturane av det som vil bli eit rekordår.

Då dei talde opp søknadane i fjor haust spådde Haugsvær at dei kom til å betale ut vel åtte millionar kroner i erstatning. Etter å ha handsama ein tredjedel av søknadane har dei allereie brukt opp halvparten av den summen.

– Dei aller fleste får erstatning, og i forhold til tidlegare år ser vi at erstatningssummane er høgare enn vi er vande med.

– Vi ser at gardsbruka i fylket er større, og når dei får skade blir skadeomfanget såleis også større, seier Haugsvær.

– Er de overraska?

– Vi er overraska over at det blir så store utbetalingar. Vi har ikkje vore vande med så omfattande skader som vi såg i fjor, seier han.

Frå 20.000,- til fleire hundre tusen kroner

Ordninga med erstatning for avlingssvikt skal kompensere delar av det tapet bøndene har lidt. Det blir trekt frå ein eigendel på 30 prosent av ei normalårsavling, seier Haugsvær.

– Det er ikkje noko gullkanta ordning, men dette er for dei katastrofeprega tapa, seier han.

Erstatningssummane vil avhenge av kor store gardsbruka er, og kor omfattande skadane er. Typisk ligg erstatningssummane på mellom 20.000 kroner for dei med minst skade, og opp til fleire hundre tusen kroner for bringebærbruka med størst skade.

(Artikkelen held fram under biletet)

Islagde bøar i Naustdal

ISLAGDE BØAR: Slike bøar var det mange bønder som sleit med i fjor vinter.

Foto: Einar Eimhjellen

– Det dårlegaste året eg har opplevd

Ein av dei som får erstatning for avlingssvikt er mjølkebonde Kåre Aasebø på Åsane aust for Førde. Han opplevde fjoråret som svært tøft.

Kåre Aasebø

DÅRLEG: Kåre Aasebø seier han aldri tidlegare har opplevd eit dårlegare år som bonde enn 2013.

Foto: Privat

– Eg har vore bonde sidan 1995 og har aldri hatt så lite fôr som i fjor. Det er det dårlegaste året eg har opplevd, seier han.

Aasebø driv med mjølkeproduksjon og storfeslakt, og har fått store ekstrakostnader når siloane vart ståande tomme.

– Eg har måtte kjøpe vel 20 tonn med fôr, til ein kostnad på rundt 45.000 kroner, seier han.

Må framleis slite med følgjene

Brevet om erstatning har akkurat kome i postkassa, og Aasebø er letta over at han no får i overkant av 60.000 kroner gjennom ordninga.

– Det var meir enn eg hadde venta, og det er eg glad for. Men uansett vil eg lide eit økonomisk tap, seier han og viser til at han samla har tapt nær 100.000 kroner.

Dei dårlege avlingane har ført til at han i vinter har slakta ned oksar tidlegare enn han hadde planlagt, og han har også selt fleire oksekalvar og redusert talet mjølkekyr.

– Eg dreg med meg konsekvensane også inn i 2014, sukkar bonden.

Håpar 2014 blir betre

Ein månad inn i det nye året er det førebels vanskeleg å seie noko om korleis avlingane vil bli i år. Bjørn Harald Haugsvær på landbruksavdelinga til fylkesmannen seier dei førebels ikkje ser grunn til uro.

Han håpar vêrgudane spelar på lag slik at ein unngår ein liknande situasjon i år.

– Ikkje fordi vi ikkje ønskjer å betale ut erstatning, men fordi situasjonen er svært alvorleg for dei bøndene som blir råka.