Fabrikken skal produsere silisiumskiver til solcellepanel. Direktør Halvor Flatland ved Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane seier tilskotet er rekordstort. Han kjenner ikkje til større tilskot opp gjennom åra frå det som tidlegare var SND og Distriktenes utbyggingsfond.
Fabrikken til ScanWafer kan gje 250 nye arbeidsplassar, og den totale investeringa er på rundt 1,5 milliard kroner. Flatland meiner tilskotet er stort nok til at satsinga kan realiserast.
Treng 390 millionar
Men tilskotet frå Innovasjon Norge er langt frå nok til at fabrikken kan bli etablert, seier styreleiar i Scan Wafer, Alf Bjørseth. Selskapet meiner dei må ha 390 millionar kroner frå staten og Norsk Hydro for å gjennomføre bygginga av fabrikken.