NRK Meny
Normal

Rekordtidleg sildeproduksjon i Bremanger

KALVÅG: (NRK): Med millioninvesteringar på trappene er det heilt avgjerande at sildefabrikken i Kalvåg klarar å produsere mest mogleg i byrjinga av året. Årets første dagar ber håp om eit nytt sildeeventyr.

Rekordtidleg start for mottak av sild i Kalvåg i Bremanger.

ALDRI SETT NOKO LIKNANDE: Per Røys har ikkje sett ein like tidleg sesongstart på silda som i år.

– Vi kom altså i gang med sild tredje januar i år. Eg har vore her i 27 år, og så tidleg har vi aldri vore i gang i mi tid. Dette verkar lovande, seier fabrikksjef Per Røys.

På årets første dagar har det vore opp under 50 stykk i arbeid ved Pelagia sitt anlegg i Kalvåg. Til sommaren kan fabrikksjefen fortelje at det talet aukar til rundt hundre.

Sildefabrikken er viktig for bygda, og det har blitt teke i mot med stor glede at Pelagia skal utvide anlegget med påbyggingar til meir enn 80 millionar kroner. Per Røys gler seg over dei gode tidene i sildeindustrien.

– Eg har akkurat same kjensla som eg hadde då eg vart far for første gong. Pelagia betyr alt for oss her i Bremanger.

Sildefabrikken i Kalvåg

GOD START: Starten på året har vore lovande for sildefabrikken i Kalvåg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Må ha stor produksjon før utbygginga

Det er berre veker til sildefabrikken skal gjennom store forandringar. Før den tid er det viktig å produsere så mykje fisk som mogleg. Kvaliteten er også viktig, og så langt er Røys veldig fornøgd.

– Det ser veldig bra ut. Fin kvalitet og godt brukande sild, slik oppsummerer Røys fisken som har kome inn til den vesle kystgrenda så langt.

– Kva forventningar har de til dei neste månadane?

– For vår del blir det veldig spesielt i år. Vi skal starte med ei stor ombygging no i februar, så vi har nokre svært store utfordringar framføre oss. Då er det heilt avgjerande at vi har kontinuerleg drift i heile januar, seier fabrikksjefen.

Samlar inn pengar til betre veg

Kalvåg ligg vanskeleg til, og ei av dei største kommunikasjonsutfordringane er vegen inn til bygda. På dei smale og svingete vegane kan det stundom ligg tønner med sild strødd ut over bøane etter at lastebilar har køyrt av vegen.

På sildefabrikken er dei no med på eit initiativ for å samle inn pengar til å utbetre vegen. Til no har dei samla inn rundt halvannan million kroner.

– Vi er med på eit spleiselag, og håpar vi skal få inn nok til å betre ut ein del flaksehalsar som gjer det lettare og trygge å køyre vegen, seier Røys.

Det er ikkje gitt at fiskegiganten Pelagia skulle satse på å investere i den vesle bygda Kalvåg, men fabrikksjefen skjønar godt at dei gjer det.

– Vi er ein god gjeng som har bygd opp ein solid kompetanse på sild. Det er nok på trass av mykje forskjellig at Pelagia har vald å satse på Kalvåg, men vi er eit veldig godt team her.

Vegopning på Bergum i Førde kommune